«Det var ein gong», ja, slik starta dei fleste eventyr. Det eg no beskriver, er ikkje eit «eventyr», det er fakta! At det har vore formidabel auke i både grågås og hjortebestanden, det er ei faktaopplysning som kanskje mange kjenner seg igjen i, andre ikkje?

Mange meiner så mangt om hjorten og grågåsa, det er sikkert og visst sidan det er skrives side opp og side ned, både i dei lokale avisene, men også i riksdekkande aviser og medium. I sosiale medium florerer det om dette problemet, men likevel så kan det virke som at dette kun har blitt spalteplass all den tid det er heilt stille frå enkelte kommunar, derimellom Herøy. Kan ikkje sjå at ein einaste politikar har tatt seg bryet med å støtt eller vore ueinige i dei utspela som har kome. Det synes eg er påfallande og feigt! Det største mjølkebruket på Hareid får ikkje hjelp frå kommunen sitt landbrukskontor når dei søkte om hjelp sidan hjorten påfører dei beiteskader osv. Det landbrukskontoret sit i Herøy kommune. Her sit ein og meiner noko heilt anna enn statsforvaltaren. Mange føler seg motarbeidd, underteikna er ikkje noko unntak.

Landbruket i Norge er ei næring som er i fritt fall med tanke på nedleggingar. Skal det vere slik, ordførarar? Er det slik dykk ynskjer å ha det her på Søre Sunnmøre? Beiteskadar på vinterhalvåret gjer sitt til at enga kan døy ut, og då veit ein at haustinga blir ei katastrofe! Resultatet blir då at ein må melde dyr til slakt osv. Vidare så tek naturen jorda raskt tilbake, og då gror det igjen. Eit resultat kan då bli at kommune- og fylkesvegane kun blir «grøne korridorar».

For fleire tiår sidan så var spesielt hjorten ein kuriositet å sjå nær bebyggelse. No er den ein pest og ei plage om du har ein hage eller ein jordlapp. Ein transportør eg kjenner (VEØY) talde ca 150 hjort langs vegen frå Stokksund til Hareid tidlig ein morgon. Han meddelte dette på sosiale media, for å «hjelpe» bilistane i eit forsøk på å unngå hjortepåkøyrslar.

For oss som driv ein jordlapp er hjorten, og ikkje minst grågåsa, blitt ei like stor plage når den startar å beite ned enga frå desember og fram til hjortejakta starta 1. september. Så ein treng ikkje vere rakettforsker for å forstå at det er eit problem.

Hjorten søkjer seg til grøn eng og grågåsa søkjer seg til grøn eng. Når hjorten beiter i flokkra på 15-20 dyr, og går her omtrent heile året, då forstår den enkelte som får enga og ikkje minst skogen «kjørt» seg. Då kan ikkje eit kommunalt landbrukskontor seie at dette problemet må ordnast med i jakttida, for det er lenge frå januar til 1. september når tildelinga ikkje «munnar»! Eller kan det vere slik at kommunen ikkje bryr seg om dei som driv ein jordlapp? Muleg?

Når ein henvender seg til kommunedirektøren, i ei «bønn om hjelp», så har ein sjølvsagt eit håp om at dette blir besvart. Men dessverre, nei! Men alle politikarar er vel så «opptatt» at hobbybonden får «seile sin eigen sjø»? Er ein så heldig ein fin sommarsdag og går på land på ein holme, så «flyt» det av gåsedrit!

Mi erfaring med det kommunale landbrukskontor, er at ein søknad på skadefelling av grågås har ei behandlingstid på ca 31 dagar, men for ein søknad på skadefelling av hjort er behandlingstida 3 dagar. Avslaget etter 3 dagar blir grunngive med: «Du må gjerde inne slåttemarka di» med 2,5 m høgt gjerde fordi det har ikkje noko hensikt å jage hjorten eller tildele skadefelling pga det store antalet. Etter ca 31 dagar får ein tildelt skadefelling på 3 grågås. Så, dette er den «hjelpa» ein får fra kommunen. Ein kan begynne å lure på om dei som sit og jobbar med denne type oppgåver er dyrebeskyttarar?

Kva då med tilliten til landbrukskontoret, blir den svekka? Vi har eit «organ» som sit i Molde, statsforvaltaren, som innimellom uttalar seg og gir kommunane råd. Det kan synast som statsforvaltaren har forstått problemet, då dei ber om høgare avskytning, spesielt på hjort.

Herøy kommune vil gjerne kartlegge hjorten først, og bruker på titusner av kroner på noko GPS-merka hjort for å dokumentere korleis dei bevegar seg i terrenget. Kva med å bruke nokre kroner på å reise ut og møte «oss» som er utsette for dette problemet? Ein les i lokalavisa at i Sande kommune tek fleire politikarar opp denne problemstillinga, sist varaordføraren. Det står det respekt av, spør du meg! Så derfor Herøy kommune, så spør eg, som bonden på Hareid gjorde: «Vil dykk ha hjorten eller bonden»?

Geir Tjervaag