Nye tal syner ny rekord på Søre Sunnmøre i talet på talde hjortedyr. Utviklinga dei siste 20 åra syner for Sande og Herøy sin del ei tre-firedobling i talet på hjortedyr. Kva det faktiske talet på hjort er, veit ingen, men det er grunn til å tru at teljingane i stor grad speglar av den faktiske situasjonen.

Vi har framleis til gode å møte nokon som meiner vi bør ha meir hjort i distriktet. Problemet? Her er for mykje hjort. Det har folk imellom vore hevda at det finst folk i forvaltinga, mellom desse aktive jegerar, som meiner det er «kjekt for jegerane å ha mange dyr å velje imellom». Det er lite truverdig. Jegerane har uansett ikkje makta her. Det har nemleg grunneigarane, som saman med offentleg forvalting bør ta seg sjølve i nakken og syte for at det vert teke ut fleire dyr. Rett og slett.

Mellom dei positive faktorane hjorten medfører, er naturleg nok at han er ein viss næringsmessig plussfaktor, ei lita attåtnæring. Og så gir han oss kjøt på bordet. Og så er jakt ein sunn og fin syssel. Men den eksplosive veksten i bestanden, – om ein ser berre nokre år tilbake i tid – gir samla sett så mange negative faktorar at handling må til. Hjorten et opp graset til dei få vi har att som prøvar å halde jordbruket i hevd, han utgjer ein fare i trafikkbildet og raserer hagane til privatfolk. Mellom anna.

Frå Peer Gynt (Ibsen) kan fylgjande sitat vere nærliggande å hente fram når det gjeld situasjonen, slik han har utvikla seg: «Ja, tenke det; ønske det; ville det med; – men gjøre det! Nei, det skjønner jeg ikke!»