Vi som representantar for næringslivet på øyane vil påpeike viktigheita av eit velfungerande ferjetilbod for at vi skal kunne drive næring. Vi er heilt avhengige av ferja for å få skipe varer, tenester og arbeidsfolk til og frå bedriftene våre. Ferja og pendlarbåten fraktar også arbeidsfolk innover, både til eigen kommune og elles i regionen. Dette er sentrumsfunksjonar som har vore på Larsnes, som kommunesenter, i ein mannsalder.

Vi har forståing for at bading er ein populær aktivitet i sentrum av Larsnes. Dette må sikrast og haldast innafor eit gitt område slik at det ikkje er farleg for dei badande, ei heller til hindring for dei som skal operere ferje/båt. Sande Kommune er heilt avhengige av eit godt næringsliv for å oppretthalde busetnad rundt om i bygdene og det er skatteinntektene som legg mykje av grunnlaget for drifta. Leik og moro i sommarhalvåret kan ikkje kome framfor det vi skal leve av, det trur vi alle forstår.

Det er ikkje berre Larsnes sentrum som vert råka av ferjekaiutbygginga. Hamnebassenget og spesielt innseglinga på Kvamsøya vert mykje innskrenka som følgje av at større ferje skal inn i sambandet. Dette vil føre til problem med manøvrering av større båtar som skal inn, men må løysast på eit vis og vi ser ikkje trenering av utbygginga som ei løysing på problemet. Dette trass i at vi heller ynskjer ei to-ferjeløysing der vi får auka frekvens.

Når det kjem til diskusjonen rundt oppstart å årets B-ferje, forventar vi også at kommuneleiinga kjem på bane og pressar på fylkeskommunen om viktigheita av at B-ferja kjem på plass 1. april, slik det er vedteke. Det er særs stor trafikk i sambandet no. På Voksa er det kaos med attståande bilar, det vert brukt timevis på venting fordi ein ikkje kjem med ferja når ein skal. Vi må igjen få understreke at det ikkje er nokon som har det så travelt som ein daud fisk.

Det tek også til å verte ganske prekært med kaisituasjonen på Kvamsøya no. Som alle er kjende med held allmenningskaia på å rase ut og kan ikkje brukast. Dette er eit stort problem for industrien som ikkje får skipa ut varene til rett tid. Det vil også her vere av stor betydning at B-ferja kjem på plass slik det er lova.

Vi vil påstå at vi på øyane er både løysingsorienterte og handlekraftige, klarer oss sjølve gjennom mange og til dels store utfordringar i vår daglege drift. Det vert såleis opplevd nærast som ein hån mot øyfolket og næringslivet spesielt, at kommuneleiinga brukar både tid og fellesskapet sine ressursar på nærast å trenere ferjekaiutbygginga, for å få flytta ferja ut av Larsnes sentrum. Vi har gjort store investeringar og er heilt avhengige av eit ferjetilbod som gagnar næringslivet først og fremst.

Vi «leikar» ikkje butikk og vi bedreg med arbeidsplassar og mykje skattekroner i kommunekassa. Dette forventar vi at kommuneleiinga tek på alvor og støttar opp om.