Trafikken over ferjerute 1066 har vore sterkt aukande gjennom vinteren. Særskilt er det mange storbilar som går til og frå Finefish på Sandshamn, faktisk opp til 10 semitrailerar for kvar dag.

I tillegg står fylkeskommunen sjølv for ein del auka trafikk, sidan ein byggjer ferjekaier parallelt på Kvamsøya, Voksa og no også Åram. Utstyr og maskiner vert flytta rundt på ferjekaiene, alt etter behov.

I tillegg er det eit mylder av reisande av andre kategoriar; folk som skal til og frå jobb, husbygging og nysatsingar i ytre der det trengst tilfang, varer og utstyr ut og inn. Og – drosjer som kjem og hentar til dømes eldre folk som har time på sjukehuset.

Til tider har det vore nærast kaos i ferjesambandet, med bilar som står over både ein og fleire ferjer. Det inneber mange timars venting i eit samband der det grovt rekna er to timar mellom kvar avgang. Ferjeskipper og tilhøyrande mannskap har over tid gjort ein kjempejobb med å få plass til alle dei reisande, stundom, går dei også ekstraturar til og frå Voksa, slik at ein rett og slett kan svelgje unna trafikken.

Dei som arbeider på ferja gjer ein kjempejobb for å få med så mange som mogleg på turane. Talet på attståande bilar er sterkt aukande, også i vinter. Foto: Endre Vorren

Det er ei gjengs haldning at innføringa av seglande reserveferje frå april månad ikkje kjem ein dag for tidleg. Vi snakka denne veka med ferjemannskap på MF «Kvam» som seier dei ser med skrekk og gru på kva som skjer når turisttrafikken snart er i gang.

– Då vert det ikkje haldbart. Aukar det på særleg meir, har vi rett og slett ikkje kapasitet til å ta unna meir, lyder omkvedet.

Vedkomande anslår at over 70 prosent av trafikken faktisk går mellom Voksa og Larsnes. No varslar fylkeskommunen at dei på grunn av praktiske årsaker med ferjekaibygginga vil utsette innføringa av nummer to-ferja.

Spørsmålet er om det trengst ein realitetssjekk på Molde. Oppmodinga er: Ta turen frå Molde til Larsnes ein tilfeldig vekedag dag og reis med ferja. Det kan vere føremålstenleg å sette av god tid.