Å selje Tussa-aksjar er som å selje mjølkekua. Det vert lite mjølk og inntekter og etter kort tid er salgssummen oppbrukt. Då manglar ein både mjølka, inntektene og kapitalen ein hadde. Arbeidarpartiet vil ikkje selje nokon av våre aksjar i Tussa.

Tussa er organisert som eit konsern med Tussa Kraft som morselskap. Det er her i morselskapet at Herøy kommune har sitt eigarskap. Dei heileigde dotterselskapa er Tussa Energi, Sunnmøre Energi, Tussa IKT og Tussa installasjon. Tussa er også deleigar i nettselskapet Linja (32,9%), Wattn (21,9 %), Istad (36 %) og Eviny Solutions (9 %). Verdien på Tussa er vanskeleg å seie noko sikkert om, men truleg ca 5 milliardar. Tussa er under stadig endring/vekst.

Tussa er eigd av ni lokale kommunar, eit kraftselskap og Kommunal Landspensjonskasse (KLP).

Herøy kommune er i dag nest største eigar med 14,7 %. Tussa sine aksjar er oppdelte i A og B aksjar. A og B aksjar er like mykje verdt og gir same utbyte. A- aksjane er fritt omsetjelege, medan B-aksjane kun kan eigast av kommunar eller fylkeskommunar. Dette for at det offenttlege eigarskapet på over 66 % sikrar evigvarande konsesjonar. Herøy kommune eig i dag 137 A-aksjar og det er desse aksjane nokon (les: Høgre) ynskjer å selge.

Eigarskapet i Tussa er viktig for Herøy kommune på mange måtar, men kva gjev det oss økonomisk? Vi får gode utbyte som går til å drifte til dømes barnehagar og eldreomsorg. Dei siste åra har Herøy kommune fått utbyte på 32,2 millionar kroner. (2018 5,6 mill, 2019 6 mill, 2020 6,5 mill, 2021 6,6 mill  og 2022 7,5 mill). Som sagt gir A og B aksjar same utbyte. Hadde vi ikkje eigd A-aksjane hadde kommunen i desse fem åra ikkje hatt 32.2 millionar i utbyte, men ca 10 millionar mindre, altså vel 22 millionar. For 2022 fekk Herøy kommune 7,5 millionar (16.332 pr aksje) i utbyte.

Dersom vi sel våre 137 A-aksjar vil vi altså misse nesten ein tredel av det framtidige utbytet vårt, altså mindre pengar til barnehagar, skole og eldreomsorg.

Kva so med framtidige inntekter? Alt tyder på at Tussa vil auke kraftig i verdi i dei komande åra. Også inntektene til Tussa og dermed utbytet vil auke kraftig. Dette vart sist presentert på eit eigarmøte i april 2023. Prisane på straum er aukande, og når det kjem betre forbindelse over Sognefjorden vil vi oppleve ein auke i prisane i vårt område.

Prisen på straum vil svinge og mengda vatn Tussa og andre får i magasina vil variere. Tussa sin produksjon kan fort svinge mellom 600 og 900 GWh avhengig av nedbør og dermed magasinfylling.

Utbytet vil mest truleg auke kraftig framover dei næraste åra, og ei dobling av utbytet på kort sikt fram til 2027 er både forventa og realistisk. Herøy Arbeidarparti vil behalde dette eigarskapet og inntektene som vi vil bruke til m.a. skule og eldreomsorg. Defor vil vi ikkje selge ein einaste av dei 137 A aksjane vi eig.

For Herøy Arbeidarparti; Leiv Aarflot og Jarle Eide (listekandidatar)