Tidlegare i år skreiv Vestlandsnytt om 9. klasse ved Stokksund skule som var ein av sju juryklasser i landet til å kåre "Årets ungdomsbok". I mai fekk dei endåtil reise til Norsk litteraturfestival i Lillehammer for å argumentere for sitt syn i ein storjury.

Men ikkje nok med det. Under Upris-utdelinga i Maihaugsalen den 27. mai, fekk to representantar frå klassa; Oda Bigset Aspevik og Sandra-Kristin Skjønberg, intervjue forfattarane bak vinnarboka "Arvingen", Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen, framfor eit stort publikum. Spørsmåla dei stilte kom frå alle juryklassene som deltok i Uprisen denne våren.

foto
Sandra-Kristin Skjønberg Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les
foto
Oda Bigset Aspevik Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les
foto
Forfattarane: Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen står bak vinnarboka, "Arvingen". Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les

- Det var ganske stressande og skummelt rett før vi skulle intervjue dei, men det vart betre etter at vi hadde sett oss ned og stilt nokre spørsmål, fortel Oda.

- Eg synest det var veldig gøy å intervjue forfattarane, men det var også litt skummelt. Iallfall når vi måtte snakke på ei scene framor så mange menneske, seier Sandra.

No utgjer intervjuet første episode av Foreningen !les sin nye podkastserie, "unge !leser".

Noko av det Sandra hugsar best frå det heile var då jentene fekk setje seg ned med forfattarane i forkant av intervjuet og førebu seg.

- Før sendinga, gjekk vi opp på eit rom for å gå gjennom spørsmåla. Det var gøy å bli litt meir kjend med forfattarane og få svar på spørsmål om boka, seier ho.

- Eg hugsar ganske godt at Sandra og eg ikkje heilt greidde å bestemme oss for kven som skulle få kva spørsmål, seier Oda.

foto
Oda Bigset Aspevik og Sandra-Kristin Skjønberg og etter at dei "bokbada" Upris-vinnarane. Foto: Privat/Skjermdump frå Instagram-story

- Er ære å få vere med

Jentene synest begge det er stor stas å få vere del av Unge !leser.

- Eg synest eg er litt heldig som får vere med på ein episode i ein podkast, det er ikkje noko alle får sjansen til å gjere, seier Sandra.

- Det er ei stor ære, og det er ganske koseleg at akkurat vi får vere del av dette, synest Oda.

foto
Selfie med forfattarane: Forfattarane av "Arvingen", Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen. Bak ser vi Stokksund-elevane Oda Bigset Aspevik og Sandra-Kristin Skjønberg. Foto: Privat

I ei pressemelding om podkastserien skriv Foreningen !les:

- Kvart år deltar mer enn 400 000 barn og unge i Foreningen !les sine ulike prosjekt. Dei les, diskuterer og vurderer årets litteratur, både for barn, ungdom og vaksne. I prosjekt som Bokslukerprisen, Uprisen og Ungdommens kritikerpris samtaler dei unge lesarane med dei prisnominerte forfattarane. I podkasten unge !leser publiserer Foreningen !les desse og andre litteratursamtalar. Ny episode kjem neste veke og er tilgjengeleg der du høyrer podkast.

Du kan høyre podkasten med Oda og Sandra her: