Tysdag 11. februar: Gymsalen i Gursken oppvekstsenter er full av spente elevar og vaksne. Likevel høyrer vi ikkje eit knyst medan NRK-journalist og programleiar Roar Halten gjer klar radioutstyret sitt der framme. Eit par meter til venstre for han står eit lite bord med tre konsentrerte tiandeklassingar bak: Ingrid Nerland, Jonathan Sætre og Ida Rekdal. Halten snur seg mot dei tre for å gjere eit lite innleiande intervju.

foto
Programleiar Roar Halten i Klassequizen i NRK Møre og Romsdal. Foto: Josefine Spiro
foto
Ida Rekdal, Jonathan Sætre og Ingrid Nerland vert intervjua av Roar Halten i NRK. Foto: Josefine Spiro
foto
Publikum: Heile skulen samla seg i gymsalen for å heie fram dei tre tiandeklassingane. Foto: Josefine Spiro

Vi får vite at Ingrid Nerland likar best å gå i slippers, at ho elskar avokado og at ho er glad i fotball. Jonathan Sætre er ein "naturens mann" som likar å jakte og fotografere. Ida Rekdal spelar fotball og kan krølle tunga som ein blome.

Og så …

– Då er vi altså inne frå Gursken oppvekstsenter, og vi er klare for Klassequizen!

Jubel bryt laus mellom publikum og musikk strøymer ut gjennom to store høgtalarar. Så er dei i gang.

Fire kategoriar, 12 spørsmål og moglegheit for like mange rette svar. Førebels har ingen av skulane Halten har vitja i Møre og Romsdal klart å svare rett på alle. Det er ikkje rart. Spørsmåla er ikkje akkurat ungdomsskulepensum. Veit du til dømes kva for europeisk land, i tillegg til Sverige, som har eit flagg som berre er gult og blått? Og kva heiter ho som vart barneombod i Noreg i 2018?

foto
Ida Rekdal, Jonathan Sætre og Ingrid Nerland under innspelinga av Klassequizen på Gursken oppvekstsenter. Foto: Josefine Spiro

Ungdommane har særs kort tid til å skrive ned svara på kvart spørsmål, og dei kan slett ikkje få hjelp frå sine medelevar i salen. Viss nokon prøver seg, om det så berre med ei lita kviskring, vert skulen diskvalifisert frå konkurransen.

foto
Konsentrerte: Elevar og lærarar følger spent med. Foto: Josefine Spiro

– Spente

Då opptaket er ferdig, får dei tre utvalde kvar sin grå NRK-ryggsekk. Vi kan sjølvsagt ikkje røpe korleis det gjekk med dei i konkurransen. Det må du høyre sendinga på lokalradioen P1 fredag 21. februar kl. 14.30 for å få med deg. Men ein prat med deltakarane får vi uansett.

– Vi var meir spente enn nervøse, seier Ida.

Dei andre er einige. Dei har førebudd seg litt til denne dagen, mellom anna ved å øve på tidlegare klassequizar. Likevel, det er noko ganske anna å prestere framfor eit stort fysisk publikum.

– Vi kunne meir enn vi fekk vist, seier Gursken-laget.

– Kva råd vil de gi til neste års deltakarlag?

– Hugs å skrive ned heile namn, og skriv heller feil svar på spørsmål enn å ikkje skrive noko i det heile.

YHU er også med

Også tiande trinn ved Ytre Herøy ungdomsskule deltek på Klassequizen. Dei fekk besøk av Roar Halten onsdag 12. februar.

- Åttande og tiande steg var publikum. Det var skikkeleg kjekt, skriv klasselærar Nina Kvamme Slettestøl i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Opptaket frå YHU vert sendt på NRK P1 måndag 24. februar kl. 14.30.

foto
YHU-laget: Sondre Alstad Steinsvik, Sofie Rooney, Lydia Alexandra Åsberg og Torje Thorsen Torvik (reserve) Foto: Privat

I 2018 vart laget frå YHU kåra til fylkesvinnar, saman med Halsa barne- og ungdomsskole.

Den lokale fylkesfinalen av årets Klassequizen vert halden i Ålesund 11. mars. Der vert det kåra to fylkesvinnarar, og begge desse laga vinn 5000 kroner til klassekassa, i tillegg til at dei skal vidare til finalar i Oslo.