Ein diger bamse av typen "beige og loden" sit på ein stol att med det første bordet på venstre hand i det vi stig inn i det store loftsrommet på Ytre Herøy ungdomsskule. Han er kledd i ein standard sjukeheimspyjamas; kvit med nokre raude prikkar eller mønster på. Ein kanyle er festa i den eine labben, og i fjeset finn vi eit nasekateter.
– Dette er pasienten vår, Kai-Marius. Han får intravenøst inn i blodårene og oksygen inn i nasen. Han sit på eit tisselaken, for det er det heilt vanleg at pasientar bruker når dei søv på ein sjukeheim.
Kamilla Espeseth Sævik (14) løfter på labben til pasienten, viser fram posen med intravenøst og peikar på det mjuke fjeset. Sjølv har ho på seg ein blå helsepersonell-uniform, nett som dei fire andre niandeklassingane på standen ho sit ved. Jenta ved sida av, Emma Gjelseth Bendal, smiler og legg til:
– Det går fint med han, for vi er så flinke sjukepleiarar.
Har valt yrke sjølve
Niandeklassingane ved Ytre Herøy ungdomsskule er ved vegs ende i årets næringsliv-prosjektveke. Kvar gruppe – på mellom tre og seks elevar – har valt ut kvar sin lokale næringsaktør/yrke, som dei presenterer på dagens næringslivsmesse. Mange foreldre og besteforeldre teke turen innom for å sjå, i tillegg til åttande- og tiandeklassingane ved skulen.
Nokre av dei besøkande stiller spørsmål, og då er det viktig å kunne svare for seg.
– Vi har vore på sjukeheimen og intervjua nokre av dei som jobbar der, og så har vi fått låne ein del utstyr og uniformer derifrå, fortel Inga Zahl Jarnes ved sjukeheim-standen.
På bordet deira finn vi alt frå små medisinglas og sprøyter i ulike storleikar til vaksenbleier og ei rad full av urinprøvar. Dei peikar og forklarar – veit godt kva alt skal brukast til.
– Det har vore ei veldig kjekk veke, og vi har lært masse. Det er gøy å gjere noko som er heilt annleis enn det vi pleier å gjere på skulen, meiner jentene.
Og alle fem jentene har allereie bestemt seg: Dei vil bli sjukepleiarar heile gjengen.
Skal bli klar over moglegheitene
Dei fleste av niandeklassingane på messe denne dagen har neppe bestemt seg for kva karriereveg dei vil gå heilt enno – men forhåpentlegvis er dei blitt meir klar over kva utdanningsmoglegheiter dei har. I løpet av prosjektperioden, som til saman har vart eit par veker, har dei nemleg fått mange besøk frå både lokale bedrifter og dei litt større utdanningsinstitusjonane. I tillegg har dei altså fått beskjed om å velje seg eit yrke/ei lokal bedrift – som skulle finne ut mest mogleg om – for så å kunne presentere ho på dagens stand. Med det fylgjer ein god del sjølvstendig arbeid.
– Elevane har sjølv hatt ansvar for å ta kontakt med næringslivet, fortel ein av kontaktlærarane på trinnet, Camilla Storøy, som meiner at nettopp ansvar er ein viktig lærdom elevane har fått ut av prosjektet.
Ein annan lærar, Gerd Leikanger, peikar på formidlingsevne og godt samarbeid som to andre viktige kompetansemål.
– Dessutan måtte dei vere høflege når dei snakka med bedriftene – og det var dei, det har eg sett, skryter ho.
Allsidig utval
Vi blir verande på messa ei stund. Det erfaring å sjå kva yrke elevane har valt og kor engasjerte dei er. Mange har valt noko dei har litt interesse for frå før. Der er alt frå kulturskule og kino, til reiarlag, diverse helseinstitusjonar, butikkar og treningssenter, alle med utstyr og informasjonsplakatar frå dei verkelege bedriftene. Og kven veit – kanskje vil nettopp denne kontakta med det lokale næringslivet resultere i at dei oppnår ny, kjærkome arbeidskraft frå lokale ungdommar om nokre år?