Skrive av Terje Kjøde

Frå slutten av 1960- til utpå 80-talet var rivaliseringa mellom desse to laga intens. Somme av kampane var reine folkefestar med over 2000 tilskodarar, og kampane var jamne, underhaldande og nervepirrande. Fred Frantzen, superspiss på Bergsøy, som heilt sikkert kunne ha spelt på toppnivå i Noreg, stadfeste rykta om at han før kampane i Ørsta var så nervøs at han kasta opp. Det seier vel sitt.

Til gjengjeld var han den spelaren Ørsta-forsvararane grudde seg mest til å møte. Leif Rogne, som i siste halvdel av 70-åra var konge i Ørsta si backrekkje og i tillegg ikkje så reint lite arrogant i spelestilen, berre fnyste til namnet Fred Frantzen. Leif frykta ingen, heller ikkje Fred. Sa han. Men kroppsspråket røpa han. Det var litt mindre arrogant og noko meir spent i duellane med Bergsøy-spissen.

Hødd var det desiderte topplaget på Sunnmøre i denne perioden. AaFK var oftast nest best, men Bergsøy, Skarbøvik og Ørsta låg ikkje langt etter. Kampane mellom Bergsøy og Ørsta var heilt spesielle.

Dette var kampar som begge lag elska å vinne og hata å tape. Både Bergsøy og Ørsta hadde menge gode spelarar.

Namn som Jack Pettersen, Asbjørn Myklebust, Knut Teige, Knut Igesund, Fred Frantzen, Johs. Nørvåg, Frode Wilhelmsen, Bjørn Prytz, Trond Paulsen og fleire vert framleis omtala med respekt og age av både samtidige ørstaspelarar og -publikum. Om lag tilsvarande status i Herøy har namn som Kjell Arne Sætre, Olav Rebbestad, Leif Rogne, Jarle Walseth, Arne Klepp, Eivind Mo, Kåre og Per Ståle Aarseth, Stein Aam, Helge Haram, Ragnar Masdal, Paul Arne Håskjold og Erik Brautaset.

– Eg visste at driblefanten Erik Brautaset elska å slå tunnelar på motspelarane, fortel Asbjørn Myklebust, og eg hadde forbant meg på at han ikkje skulle greie det mot meg. Og så var det sjølvsagt det fyrste han gjorde. Lett og elegant pirka han ballen mellom beina mine. Ein til, og eg knuser deg, sa eg til han då rusla han over til andre sida og bad Stein Aam om å få byte plass.

KLATRE: Stolt dagleg leiar Rebekka Riise syner fram og fortel om klatrehallen. Til topps i hallen eller til topps på tabellen; det får bli eit ope spørsmål kva som er vanskelegast. Det tryggaste i dag er nok å ikkje prøve på nokon av delane. Foto: Terje Kjøde

Dans på Idavollen

Fiskeskipper Knut Teige, som også var innom Hødd i toppserien, likte best at kampane i Ørsta var på laurdag. For då overnatta dei på Grand gjesteheim Nupen og gjekk på dans på Idavollen om kvelden.

Dette var lenge før Eiksundsambandet gjorde Ytre Søre landfast og ferjefritt. Han hugsar også godt ein kamp der han møddest fælt med Ragnar Masdal, som var for rask for han. Det var ikkje anna råd enn å felle den lettbeinte vartdalingen. Fellinga vart dessverre noko styggare enn tilsikta, og dommar Oddmund Kaldhussæther var lynraskt oppe med gulekortet.

Eldar Lingås seriedebuterte i 1966 mot nettopp Bergsøy på grusbana i Huldalen. Ørsta vann 5-2, men det han hugsar best, var gnagsåra på alle tærne frå småstein i skoa. Det var ei pine.

Medisinskrinet var sparsamt den gongen. Litt plaster, gassbind, pyrisept og ein bomullsdott. Men no var der ingenting att av det som trongst mest, nemleg bomull. Ein lagkamerat med nervøs mage hadde hatt så mange turar på doskåla og hadde vorte så sår bak at det einaste som dugde til å turke seg med, var bomullsdotten i medisinskrinet.

Tilgjeving

Noverande ørstaordførar Stein Aam var i ein duell ikkje litt, men skikkeleg tøff med ein Bergsøy-spelar. Dette var rett framfor Bergsøy-benken. Der sat noverande herøyordførar Bjørn Prytz, då trenar for Bergsøy.

Bjørn fauk opp som ei løve, hoppa ut på bana og karakteriserte Stein med uttrykk som han definitivt ikkje kan bruke i kommunestyret i dag. Dagen etter ringde han til Stein og bad om tilgjeving for dei noko uhøviske glosene. Tilgjeving fekk han, og sidan har dei vore gode bussar.

Før karane sette seg rundt kaffibordet og mimringa, historiene og låtten tok av for alvor, var det omvising i Ørstahallen. Dagleg leiar Rebekka Riise og ordførar Stein Aam sto for den, og den må ha vore blind, som ikkje la merke til at det var to stolte omvisarar.