Skrive av LIL Turngruppa

(INNSENDT): Etter to år med pandemi og smittevernrestriksjonar kunne borna i Larsnes IL si turngruppe endeleg få invitere familie og vener til sommarshow med balansekunstar og luftige saltoar.

Samstundes kunne det populære idrettstilbodet til born feire femårsjubileum.

– Vi har hatt om lag 70 påmelde born i år, med deltakarar frå heile Sande og Herøy og Vanylven. Det er vi litt stolte over, seier sportsleg leiar Stine Sætre.

Om lag 70 påmelde born har vore med i år. Foto: LIL Turngruppa

Lærer borna treningsglede og meistring

Saman med Siri Kristine Berntsen Gjerde starta Stine Sætre opp eit turntilbod for born hausten 2016, som seinare vart til Larsnes IL si turngruppe i årsmøtet januar 2017.

Turngruppa kan dermed feire femårsjubileum i år.

Og Stine fortel at turn var ein naturleg del av idrettstilbodet til dei minste når ho vaks opp i Bergen.

– Borna får øve på basisferdigheiter som balanse, koordinasjon og styrke. Det er også ein arena der dei lærer seg å spele på lag med andre, vise omsyn og ikkje minst møte det å stå i kø og ha tolmod. Men det handlar aller mest om meistring og treningsglede. Ein skal ha det kjekt, seier Stine.

Fekk overraskande besøk

Turn-borna er delte inn i grupper etter fødselsår og dei yngste byrja sommarshowet, som har vore den tradisjonelle avslutninga før sommarferien men som ikkje har vore arrangert sidan 2019 pga. koronapandemien.

Dei yngste borna smilte frå øyre til øyre når dei fekk rungande applaus frå foreldre, sysken og andre frammøtte etter at dei hadde synt fram balansekunstane sine på skum-modulane, og 2018-kullet demonstrerte korleis ein skal stupe ordentleg kråke.

Så var det i tur og orden årskulla frå 2017 og 2016 som synte fram dei ulike programma dei hadde øva på, før dei født 2015 og eldre avslutta med eit spenstig saltoshow.

Etter showet var det premieutdeling til borna, som fekk pokalar sponsa av Larsnes Mek., før det var klart for festen sitt store høgdepunkt: eit overraskingsbesøk frå Sparebanken Møre sin populære maskot Tare. Han delte ut ei ny drikkeflaske til kvar av turnarane, og det er lenge sidan Tare har fått så mange og så gode klemmar.

Vart overraska med frivillig-pris

Medan borna kosa seg med popkorn og gjestane fekk kaker og kaffi, tok klubbleiar i Larsnes IL, Bård Dalen, ordet.

Han gratulerte borna med ei flott framsyning, og hadde med seg ei utmerking til Stine Sætre for sitt frivillige engasjement i turngruppa gjennom dei siste fem åra.

– Eg trur ikkje eg overdriv når eg seier at utan Stine, så hadde vi ikkje stått her i dag. Ideen om ei turngruppe i LIL kom for om lag seks år sidan og Stine har vore sentral heile vegen, sa Bård Dalen og overrekte utmerkinga.

Ny styreleiar i LIL Turngruppa, Marita Slettestøl, trenar Doris Katrin Eid, trenar Ståle Aasebø, trenar Stine Sætre med prisen for fem års frivillig engasjement, leiar i Larsnes Idrettslag Bård Dalen, trenar Marte Hansen og trenar Maria Nupen. Foto: LIL Turngruppa

– Vi i LIL har synest at vi har hatt eit breitt tilbod, med aktivitetar som allidrett, fotball og trim. Men når vi såg den interessa som var for turn, så skjønte vi fort at vi hadde mangla noko. Så vi er svært nøgde med å fått dette på plass, sa Dalen.

– Dei som byrja dette la lista høgt med krav om skikkeleg kvalitet på treningane, så idrettslaget har utdanna trenarar og investert fleire hundre tusen i utstyr. Resultatet ser vi i dag. Kikkar vi ut på parkeringsplassen så ser vi at den er heilt full, og hallen er fylt med glade born. Så no håpar vi å oppretthalde og vidareutvikle dette tilbodet i åra framover, og det er frivilligheita som driv det fram.