Den fyrste vurderinga som kjem opp i det Bergsøy-trenar Tommy Malins gjer opp status etter fredagens bortekamp mot Valder, er at store delar av kampen var jamspelt. Det stod 0-0 til pause utan dei heilt store sjansane i fyrste omgang. Det kan nemnast at Franjo Tepuric skal ha vore nær med ei heading i stolpen halvvegs i omgangen, men elles ikkje heilt den store omgangen for korkje heime- eller bortelaget.

- Vi føler vi har kontroll i den fyrste omgangen, men vi merker at vi har mannefall i rekkene. Sentrale spelarar manglar i lagoppstillinga og vi hadde ein svært avgrensa stall i dag, forklarar Malins.

Lukkast 90 prosent i forsvar, men…

I starten av andre omgang, som vert omtala som rar av Malis, gir Bergsøy-trenaren favøren til Valder. Dei hadde ein kjempesjanse tidleg etter pause, men deira angripar bomma på ballen. Etter litt var det Bergsøy som auka presset mot heimelaget, og Magnus Myklebust trefte blink etter ei fin opprulling i det 66. minutt. Den spelande Bergsøy-trenaren spelte ballen ut til høgre mot Kristoffer Dahlstrøm, som slo inn framfor mål. Franjo Tepuric bomma med brassespark, men på bakre stolpe lura Myklebust og scora på opent mål.

- Myklebust viser klasse, han bringar ein profesjonalitet inn i klubben som er utruleg viktig for laget, skryt Malins. Han kjem elles med lovord om både Daniel Jøsok Kvalsvik og Frank Sverre Skorpen sine prestasjonar i kampen.

- Og Vegard Håheim Elveseter viser i dag at han kan vere både dyktig og fysisk i spelet sitt, legg han til.

16 minutt etter Bergsøy tok leiinga, og i dei siste speleminutta av kampen, blei det spennande. Valderspelar, og tidlegare bergsøyspelar, Andreas  Mulelid Kvam kom inn på eit innlegg frå venstre og utlikna for heimelaget. Berre minuttet etterpå tok Mulelid ei reprise og sørga for nok eit mål og leiing for Valder. Men Bergsøy let seg ikkje skremme. Petter Aasen sørga for at Bergsøy slapp å reise heilt tomhendte frå kampen i det han scora kampens siste mål med berre to minutt att på klokka. Kampen enda 2-2.

- Det er litt kjedeleg å seie det, men det var personlege feil som gjorde at sigeren glapp. Vi er nok litt skuffa, men vi står saman som eit lag og tek alle på oss denne. Vi fekk trass alt eit poeng. Vi tek med oss at vi lukkast med forsvarsspelet vårt i 90 prosent av kampen. Det er sjølvsagt synd at dei 10 resterande prosentane kosta oss tre poeng, men no må vi sjå framover til heimekampen mot emblem, konstaterer Tommy Malins.

Denne komande kampen er elles flytta til onsdag. Malins er spent på å møte Emblem, og omtalar dette som ein av dei viktigare kampane i sesongen. Han vonar naturlegvis derfor at Bergsøy-supporterar møter opp for å heie fram laget.