– Vi gler oss over å ha fått på plass ein fotballrobot, som går som ein karusell på våre nettsider gjennom sesongen, seier redaktør og dagleg leiar for Vestlandsnytt, Endre Vorren.

I den nye tenesta, som er å finne litt nede på framsida av vestlandsnytt.no, kjem det resultat, kampfakta og korte kampreferat frå ungdoms- og seniorfotballen i Vestlandsnytt sitt nedslagsfelt, også inkludert Vanylven FK. Vanylven er med på grunn av avisa si tilknyting til Åram krins.

Spelar du sjølv i nokon av desse laga, eller kjenner nokon som gjer det, er fotballroboten sine artiklar ei god kjelde til informasjon. Roboten er eit supplement til – og på ikkje noko vis ei erstatning for – vanlege redaksjonelle saker om lokalsporten, strekar Vorren under.

Kjem på nynorsk

Førebels er roboten på bokmål, men vi skal sjølvsagt ha han på nynorsk. Vi har fått forsikringar frå vår leverandør, NTB, om at det er i kjømda.

– Vi treng lagbilete

Folk kan elles sende inn lagbilde gjennom denne tenesta, noko vi håpar laga gjer seg nytte av.

– Brukar ein karusellen på nettsidene med fotballrobot, er det langt lettare å halde seg orientert, dag for dag, om det som skjer i lokalfotballen, tipsar Vorren.

Han ber til slutt om at folk gjerne må ta kontakt med redaksjonen om ein opplever feil ved den nye løysinga.