Heilt sidan det blei klart at Bergsøy skulle møte Aalesund i cupens 1. runde 1. mai, har diskusjonane gått. Kjem lokaloppgjeret mellom Larsnes/Gursken og Bergsøy, sett opp fredag 3. mai, til å bli flytta?

Svaret er nei. Det blir kamp i kveld, under 48 timar etter at AaFK avslutta Bergsøy sitt cupeventyr. No er Bergsøy-trenar Tommy Malins klar til å bruke det som ein ekstra motivasjon.

– Dei har fyrt oss litt ekstra opp ved å ikkje vise vilje til å flytte kampen. Vi kjem til å bruke det som motivasjon inn mot kampen, seier Bergsøy-trenaren.

Det kjem ikkje som ei overrasking for Anders Helsem Hoff.

– Dei brukar nok det at vi ikkje ville flytte kampen som motivasjon. Når det er sagt så var det vår intensjon å flytte kampen til laurdag, men på grunn av konfirmasjon så vart det vanskeleg. Derfor heldt vi fast på opphavleg kampdag, seier LGFK-sjefen.

Møter barndomsklubben

Den nye LGFK-trenaren har ein spesiell kamp i vente fredag kveld. Ikkje berre er det lokaloppgjer, det er også hans første offisielle heimekamp, og det endåtil mot gamleklubben.

– For min eigen del så vil det så klart vere spesielt å møte Bergsøy. Det er barndomsklubben min. Og eg håpar at Bergsøy skal vinne alle kampane sine i år, med unntak av dei vi spelar mot dei. Eg kjenner laget og spelarane veldig godt etter fleire år som trenar der, og så står det att å sjå om vi klarar å bruke det til ein fordel i kampen, seier herøyværingen.

Men Tommy Malins meiner å ha ein joker i ermet.

– Han kjenner nok til spelarane, men han kjenner ikkje meg. Han veit ikkje kva eg tenker, seier engelskmannen.

Malins innrømmer samtidig at LGFK ikkje er det laget han kjenner best til.

– Vi har ikkje klart å finne så mange videoar av dei. Men vi har fått litt skriftlege rapportar. Uansett handlar det om at vi skal spele vårt spel, der vi vinn ballen hurtig og pressar høgt, seier Bergsøy-trenaren.

– Psykologisk klare

Malins meiner Bergsøy er klare til kampen, sjølv om det ikkje har gått lange tida sida Bergsøy-kjempa ein hard kamp mot AaFK.

– Alle føler seg klare til kampen. Den einaste som er ute samanlikna med AaFK-kampen er faktisk meg sjølv. Det er ikkje ein sjanse for at eg klarer å spele no, ler Malins og spøker med at han er ute for alltid.

– Elles så er alle psykologisk klare i alle fall. Vi fekk oss ein tur til Sunnmørsbadet etter kampen onsdag, og der fekk vi ta oss ein symjetur og slappe litt av. Stor takk til Jakob (Nerland, red.mrk) for å fikse det, og ikkje minst til badeland som heldt ope etter stengetid, seier Malins.

Som elles meiner Bergsøy svarte på kritikken laget fekk etter den skuffande 3-3-kampen mot Hareid.

– Vi viste at vi kan forsvare oss, og vere godt organiserte. Det var psykologisk viktig, seier Malins.

– Blir ein «forrykandes» kamp

Også Larsnes/Gursken har noko å revansjere etter sesongopninga.

– Spelarane er veldig tente på å vise seg fram frå ei litt betre side enn mot Norborg. Vi har hatt ei god treningsveke med ein skadefri tropp, og er klar for det som blir ein «forrykandes» kamp. Vi er tippa i kvar vår ende av tabellen, men vi meiner sjølv at avstanden mellom laga ikkje er så stor. Så eg forventar eit jamt og tøft lokaloppgjer mellom to gode lag, seier Helsem Hoff.

Er det ein ting dei to trenarane er einige om så må det vere at dei ser fram til kampen, og håper publikum møter opp.

– Vi har ein draum om fire-fem hundre tilskodarar, avsluttar Helsem Hoff.