I november kom det mail frå Sunnmøre Fotballkrets at dei mangla klubbar som kunne ta på seg ansvaret som Satelitt-klubb. I Vanylven FK fekk tok vi ein rask prat internt og var einige om at dette kunne vi få til. Det blei sett saman eit trenarteam beståande av Ole Per Kragset, Susann B. Kragset og Ottar-Inge Rusten. Dermed var Satelitt Vanylven ein realitet med første samling i Vanylvshallen 11 januar.

Satellitten har bestått av 18 spelarar frå Åheim IL, MTG, Bergsøy og Vanylven FK. Satelitt er første steget i NFF sin Landslagsskole er meint for dei spelarane som elskar fotball og trenar mykje utanom lagstrening og det er klubbane som nominerer spelarane.

Vi har til saman hatt 8 ordinære treningar i Vanylvshallen og to samlingar der vi har målt krefter mot Satelitt Larsnes.

Sist laurdag var det duka for satellitt-turnering i Sparebanken Møre Arena der 350 satellittspelarar møttest for å måle krefter. Satelitt Vanylven stilte med to lag og fekk gjennom 6 kampar møte tøff motstand frå andre satellittar; Rollon 1, 2 og 3, Ørsta 2. Ørskog 1 og Volda 1. No skal disse 350 spelarane krympast ned til Bylag etter Landslagsskole-modellen.

Fasiten for Satelitt Vanylven blei 4 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap. Sidan det vart litt forfall blei det mykje speletid på alle med berre ein innbytar tilgjengeleg. I siste kampane opna dei forrykande, men det var tydeleg utover kampane at beina var begynt å bli slitne. Uansett ein fantastisk innsats, godt humør på alle og ei utruleg god innstilling.

Å vere satellittklubb har vore ei ny oppleving for oss i trenarteamet og det har vore ei glede å ha ansvaret for denne gjengen. Dei har møtt opp, lagt ned ein enorm innsats på samlingane og dei har hatt eit godt og smittande humør. Det vart ei flott avslutning i Sparebanken Møre Arena på laurdag sjølv om det også var litt vemodig at arbeidet med denne gruppa no er avslutta. Vi ynskjer alle som har deltatt på Satelitt Vanylven lukke til med sesongen 2024