Skrive av Oddbjørn Indregård

HaNo har vore det førande laget gjennom heile våren, medan Larsnes har kjempa saman med seks andre lag om plasseringane bak laget frå Haram.

Siste kamp før ferien var søndag på Eidsåvoll mot eit kampklart lag frå Vanylven FK.

– Det vart ein kamp der Vanylven FK tok føringa og skaffa seg eit 2–0 resultat fram mot pause. Etter pause vart det sceneskifte der Larsnes kjempa seg tilbake i kampen med mål av Elise Waade Myklebust og Viola Andersson.

Kampen sett under eitt var to jamgode lag som hadde sine sjansar gjennom kampen – og eit uavgjortresultat gir slik sett eit bra bilde av kampen.

– Har vorte ein trend

Å ta poeng i jamspelte kampar har vorte ein trend for Larsnes-laget denne vårsesongen.

Kampane heime mot Ørsta og borte mot Guard er saman med sist kamp mot Vanylven gode døme på at sluttminutta i ein fotballkamp er viktige minutt med tanke på sluttresultat og tabellpoeng.

– Ein annan positiv trend som har vore gjennom vårsesongen er at spelargruppa gradvis har vorte utvida. Oppmøte på trening og kamp har sjølvsagt måtte passe med tanke på arbeidsturnus, studie/eksamen, og andre viktige gjeremål – men like fullt er det kjekt å sjå at fleire og fleire har funne glede i å møtast til fotballtrening og -kamp gjennom våren.

Larsnes sitt damelag er dermed ein god bidragsytar i å få med «flest mogleg, lengst mogleg» i fotballen – og ikkje minst er det god helse for både aktive og publikum å kunne møtast til trening og fotballkamp. Takk til dykk som tek del både på og utanfor bana!

LagKVUTMålDiffP
1HaNo 2660047 - 163118
2Guard/Aksla 2751134 - 181616
3Spjelkavik 2641128 - 161213
4Ørsta 2730426 - 2519
5Larsnes722321 - 33−128
6Guard/Aksla 3 5er720528 - 2806
7Langevåg/Sula711523 - 41−184
8Vanylven711510 - 40−304