Lisjehestehammaren i Brekka ved bedehuset vart peika ut som eit godt alternativ. Gleda var stor då grunneigar Åse Brekke sa ja, til at feltet kunne byggast ut på hennar grunn.

Pål har siste 14 dagane jobba intenst med å få til dette. Det har vore rydding, spyling og bolting i alle ledige stunder. Han har hatt mange gode hjelparar med seg. Må nemne spesielt Håvard Beitveit, Åse og Kjell (grunneigarar), Ronny Beitveit, Sigurd Støylen Korsnes med fleire. Klivrelaget i Ulsteinvik har vore ein svært god samarbeidspartnar.

Seks ruter var klar for klatring til opninga onsdag kveld. Vanskegraden var frå «lett» til «litt utfordrande». Mykje folk møtte opp, og køen var lang for å få prøveklatre. Eg trur mange tok sin fyrste klatretur denne dagen. Nokre hadde litt erfaring frå innandørsfelt, men ingen hadde erfaring frå Utandørsfelt. Vi fekk sjå og oppdage at klatring er for folk i alle aldrar og på alle nivå.

KIL ynskjer gjennom lokalavisa og takke alle som har vore positive bidragsytarar, og håper at mange får mykje glede av det flotte feltet.