Tysdag kveld, i haustmørkret, møtte Larsnes IL senior herrar 7-ar Hjørungavåg på Jomsvoll kunstgras i Hjørungavåg.Det enda med storsiger til Larsnes med heile 10–4

Det tok berre tre minutt før Mats Ekeberg sette inn 1–0 til Larsnes, men etter 13 miuttn reduserte Hjørungavåg til 1–1 med Steffen Helsem Kvalsund.

I løpet av dei neste 15 minutta sette Henrik Mork Vorren, Endre Storegjerde Bleie og Rasmus-Joakim Nygård inn kvar sitt mål, og dermed 4–1 til Larsnes før pause.

Før det var spelt 10 minutt av 2. omgang hadde Hjørungavåg redusert til 4-4, ved Emil Hareide og to mål av Artur Hareide.

Da vakna Larsnes til, og siste del av kampen handla berre om Larsnes.

Endre Storgjerde Bleie sette inn sitt andre mål for dagen til 5–4, før Henrik Mork Vorren også sette sitt andre mål for dagen til 6–4. Mats Ekeberg med sitt andre for dagen til 7–4 før Peter Fjørtoft Sandanger heada kontant i mål til 8–4.

Rasmus-Joakim Nygård sette sitt andre for dagen til 9–4 før Henrik Mork Vorren sette inn sitt hat-trick og sluttresultat til 10–4 til Larsnes.

Det var ein kamp med varierande kvalitet, men som resultatet tilseier var det ein underhaldande kamp med mykje mål. Dette er ein gjeng som har det utruleg kjekt med fotballen og når vi i tillegg oppnår slike resultat er det lov å glede seg slik våre gutar gjorde.

I tillegg skal det nemnast at Hjørungavåg var eit utruleg Fair-play lag å møte, med mykje godt humør sjølv om resultatet ikkje gjekk heilt deira veg.

God dommar i kampen var Oddbjørn Aam.

No ser vi fram til siste heimekampen vår i år, som er mot Flø/Haddal måndag 02. oktober på kunstgrasbana på Larsnes. Vi har kanskje Sunnmøre si flottaste grasbane og det ergrar meg at vi må legge kampen på kunstgrasbane, men pga. kampstart kl. 20.00 og haustmørket er dette nødvendig. Vi gler oss til at laget skal ut i ny kamp.