Etter det skuffande tapet for Volda førre veke, er det eit revansjesugent Bergsøy som denne veka tek turen til Ulsteinvik.
– Vi hadde ei veldig god trening i dag, og spelarane verkar å vere gira og klare til å avslutte vårsesongen med tre poeng, seier assistenttrenar Frank Sverre Skorpen då vi snakkar med han tysdag kveld.
Skorpen måtte steppe inn som hovudtrenar sist, og kjem truleg til å leie laget også mot Hødd 2. Han forventar ein tøff kamp, og viser til at Hødd 2 mellom anna vann 1–0 borte mot sterke Norborg/Brattvåg 2 tidlegare denne veka.
– Men klarer vi å prestere like bra som mot Volda, og i tillegg sette sjansane våre så har vi ein god sjanse, meiner Skorpen.
Både mot Ørsta og Volda har Bergsøy skapt sjansar i byrjinga, men bomma. I staden har motstandarane tatt leiinga.
– Skal vi slå Hødd 2, kan vi ikkje la det skje igjen, avsluttar Skorpen.
Også Volda skal i aksjon fredag, dei møter Valder heime. Ikkje ein enkel kamp det heller.