Faktum er at ingen i det politiske miljøet ynskjer at det skal kome deponi på nokon av dei to føreslegne alternativa ved Moltustranda. Det vert i staden meir eller mindre slått fast at dette er noko Herøy kommune pliktar å gjennomføre, som eit ledd i å utelukke nettopp Moltu som aktuell deponistad.

Dette har altså resultert i ein absurd situasjon der ein meir eller mindre kan slå fast at Moltu-bygda ufrivillig er dregen inn eit spel. Eit spesielt særtrekk ved dette «spelet» er at alle impliserte må agere med det som utgangspunkt at alt er heilt seriøst.

Og – utan den motstanden som no gjenspeglar seg på Moltustranda i form av aksjonar og underskriftskampanje – så kunne ein faktisk ha risikert at massar frå Fosnavåg hamn hadde enda opp på Moltu.

Det er heilt naturleg og på ingen måte overraskande at protestane no haglar.

Leiar i grendalaget Moltustrandingen, Magnar Lillestøl, er nok inne på noko vesentleg når han seier at kommunen (les: politikarane) kunne ha stoppa saka lenge før det no vert brukt store ressursar på å kartlegge dei to alternativa på Moltu. Då hadde ein spart seg både for pengar, uro og aksjonar.

Siste ord er uansett ikkje sagt når det gjeld enden på visa for Fosnavåg hamn og prosjektet med utdjuping og miljøopprydding. Mange fryktar eller trur at prosjektet aldri kjem til å bli gjennomført.

Forskotteringsavtalen, og dei signala som har kome i kjølvatnet av denne, gjer at mange lokalpolitikarar nøler med å støtte vidare arbeid. Fleire uttrykkjer uro for at kommunen vert sitjande att med store rekningar.

Uansett: Dette burde Moltu ha vore spart for.