Herøy kommune har tildelt Thon Hotel Fosnavåg seks prikkar etter brot på alkohollova under sommarfestivalen i juni, der hotellet hadde ansvaret for skjenkinga på festivalområdet. Ifylgje rapporten frå Securitas registrerte vaktene tre ulike brot på alkohollova, der openbart rusa personar ikkje blei fjerna frå skjenkjeområdet.

I svaret frå løyvehavaren blir det vist til at når det gjeld den eine personen, blei han halden under oppsikt medan nokre av vektarane blei sende over til naborestauranten for å rydde opp i eit slagsmål som var på gang. Dei kom tilbake etter at politiet kom på staden.

- Ser ein reint kynisk på det skulle nok mine vektarar ikkje ha forlate området. Men når det endar i slagsmål, og serveringsstaden berre låser dørene og let slåstinga halde fram på utsida, då ønskte vi å ta vare på dei aktuelle personane, påpeikar hotelldirektør Gunther Dahler i ein kommentar til prikkvarselet.

Dahler viser til at dette kunne ha blitt ei stygg sak om ikkje festivalen sine vektarar hadde gripe inn. Difor meiner han kommunen bør sjå stort på det, og avstå frå å tildele prikkar i dette tilfellet sidan vektarane blei sende til restauranten som ikkje hadde kontroll på sine eigne gjester.

- Det andre tilfellet dreia seg om ein rusa person som var i følgje med artistane og kom frå deira område. Også desse skal vi ha kontroll på, men det greidde vi ikkje i dette tilfellet, vedgår Dahler.

Forklaringa frå løyvehavaren har ikkje fått kommunen sin skjenkeansvarleg til å endre syn på tildelinga av prikkar.