– Ja, vi reknar det litt som ei sveineprøve, både slaktebåten og dei to brønnbåtane til Sølvtrans. Og vi meiner å ha fullført desse prøvene på ein fin måte. I alle fall er tilbakemeldingane gode, og vi kjenner det litt slik at vi no har endå fleire bein å stå på.

Det seier plassjef Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft etter at båtbyggjarane i Gursken no har levert «Aqua Merdø» til Deep Sea Supply.

Den smått historiske båten vart levert frå Myklebust Verft sist torsdag, og sette fredag kveld kursen for Marine Harvest sitt anlegg på Ryfisk i Hjelmeland.

Aqua Merdø er ein vel 58 meter lang bløgge- eller slaktebåt, utstyrt med avlivings- og bløggelinje, og med kapasitet til å ta unna vel 20.000 fisk i timen. Båten kan frakte 400 tonn nedkjølt fisk i slengen i seks RSW-tankar som til saman har eit volum på 600 kubikkmeter.

Berre ein kort tur om bord ...

Fartøyet vert rekna som det første nybygget i sitt slag, og av fordelane som vert nemnde er at laksen slepp unna med berre ein kort tur om bord i fartøyet før avliving.

– Ein sparar då mykje stress, mot at ein må laste, gjerne losse til ei vente-merd, før ein på ny må pumpe fisken til slakteanlegget, opplyser Hide til Vestlandsnytt.

Frå før finst det ombygde båtar som i dag fungerer som slaktebåtar. I tillegg til Aqua Merdø skal det også vere minst to andre båtar i denne kategorien under bygging.

Lærerikt og nyttig

– For oss har dette prosjektet vore lærerikt og nyttig på mange vis, der vi har samarbeidd godt med alle involverte, seier Inge-Jonny Hide.

Slaktebåten skal inn i ein 10-årig kontrakt med Marine Harvest. Om bord finn vi dei patenterte og spesielle «sun and bleed»-kanalane, der fisken vert bløgga og blør ut straks han er komen om bord. Fisken vert deretter send til store kjøletankar (RSW). Systemet køyrer 20.000 fisk gjennom per time. Lastekapasiteten er 400 tonn fisk, fordelt på seks tankar. Båten, som er 58,20 meter lang og 13,6 meter brei, er av Salt Ship sin designtype SALT 425.

Ordremessig representerer slaktebåten ein verdi på vel 200 millionar kroner.

– I dette prosjekt, som vanleg er ved dei fleste nybyggingar, er eit stort utval lokale leverandørar med på laget, opplyser Hide.

På denne lista finn vi mellom andre Baader, Rolls-Royce Marine, Metizoft, Hareid Elektriske, Brunvoll, Jets Vakuum, Gurskøy AS, Westing, Libra-Plast, Robinet, Servi Ulsteinvik, Palfinger, MacGregor Norway, Cflow Fish Handling, Ekornes, John Gjerde AS og Farge- og Landhandleriet.

Levering og ferjebygging

På Myklebust Verft er det som tidlegare omtala i Vestlandsnytt ein boom med ferdiggjeringar som står for døra i desse dagar, før ein går inn i ein litt rolegare periode.

– Den siste trålaren i ein serie på fire, «Kirkella» har i helga vore på teknisk prøvetur. Denne skal leverast innan utgangen av juni. No er også skroget til den andre ferja til Fosen Namsos Sjø sjøsett i Polen og er venta hit i slutten av komande veke. Begge ferjene skal leverast innan november 2018, opplyser plassjef Inge-Jonny Hide.