I ei tid prega av både usikkerheit og til dels ordretørke hos den lokale skipsbyggingsindustrien, er dette svært, svært gledeleg.

Isolert sett er det sjølvsagt svært bra med auka aktivitet i Olympic, som denne utvida satsinga på fornybar energi offshore vil medføre, men for den maritime næringa er det av nær sagt like stor viktigheit.

Detaljane i kontrakten med Ulstein fortel også om viktig og spennande produktutvikling – ein lekk av samarbeidspartnarar frå designselskap og produsentar fram til ferdige skip – som i sum truleg vil gjere vår maritime klynge endå sterkare.

Vi merkar oss at dette dreier seg om store skip, med plass til heile 126 personar fordelt på 91 lugarar. Dei er førebudde på metanoldrift og vil setje ein ny standard i vindskip-bransjen.

Tidlegare denne veka vart det elles kjent at Rem Offshore har tinga seg to forsyningsskip til. Reiarlaget vil snart vere tilbake på gamle høgder, og vel så det, etter salet og gjenoppbygginga.

Med lokale briller er også det fantastisk gode nyheiter. Dette både med tanke på verdiskaping frå eit lokalbasert selskap, og vidare røkting / mogleg fartøyutskifting i åra som kjem.

For tida har vi elles fleire artiklar som baserer seg på årsresultata som tikkar inn frå Brønnøysund. Mange av bedriftene «våre» er maritimt retta, og veldig gjennomgangstonen for mange er omsettingsauke og gode tal. Også det kan noterast med eit tydeleg plussteikn i margen, sjølv om resultata naturleg nok varierer ein god del, i ei verd som er rysta både av pandemi og konfliktar.