– Eg har ikkje vore der i meir enn fem minutt før eg ligg på heile dama som eit teppe. Jordmora forstod ikkje ein drit.

Eva Rose Furmyr pratar engasjert frå talarstolen på Fosnavåg konserthus. Publikumet hennar fyller ikkje ein gong dei to første radene i den store salen. Men det gjer ikkje noko, forsikrar ho, for Olympic kulturfond har støtta henne med leige av lokalet, og det er første gong ho får slik hjelp til eit av prosjekta sine.

Men tilbake til føredraget. Eva Rose er midt i ei forteljing. Lat oss ta den frå start:

Kvinna skal føde for andre gong. Ho har brukt tre dagar på å få seks centimeter opning. Det er ikkje bra. Der er ingen mann i bildet, så ho har med seg ei venninne.

– Når eg kjem er ho omtrent halvvegs inn i fødselen. Ho ligg der og ristar. Så seier jordmora: «Det er vanleg med litt risting, men dette er vel mykje, så eg trur at her er ein infeksjon. Eg skal hente legen». Eg kikar bort på kvinna. Ho ser livredd ut. «Eva, kan du kome bort hit?». Eg går fram. Venninna ser nedkøyrd ut, så eg seier at ho kan ta seg ein pause. «Kan du hjelpe meg?» spør kvinna. «Ja, det kan eg». Eg tek på ho. Ho strittar ikkje imot, men søkker inn i rørsla. Ho treng å bli roa, og ho treng nærleiken. Eitt minutt seinare ligg eg på ho som eit teppe, held rundt ho og kysser henne på kinnet, fortel Eva Rose.

Skjelvinga stoppar. 40 minutt seinare er barnet født.

– No begriper eg ikkje kva eg heldt på med, men der og då kjendest det heit naturleg.

Heime

Det er søndag ettermiddag. «Fødebilen» står parkert utanfor Sparebanken Møre i Fosnavåg. På andre sida av gata kan forbipasserande sjå svart/kvite bilde av heilt nyfødde babyar, ein gråtande far, og mødrer i barsel gjennom utstillingsvindauga til Herøy kameraklubb. 25 bilde, tekne av Fotograf Furmyr sitt barnebarn, som nett no står og snakkar om fødsel på konserthuset.

Ho har ein viktig bodskap.

Den naudsynte boka

Eva Rose har vore med på 126 fødslar. Ho har vore leigd inn til å fotografere livets største under, men i verkelegheita gjer ho mykje meir. Ho trøyster, informerer og roar. For i løpet av sine 20 år som fødselsfotograf har ho lagt merke til noko urovekkande.

– Veldig mange av dei fødande veit ikkje kva som skjer. Dei trur til dømes at morkaka kjem ut saman med babyen. Føde morkaka, kvifor det? Sprøyte i låret, kvifor? Er det normalt at damene vert kvalme og må spy rett før dei trykkjer ut ungane? Svaret er ja, seier Eva Rose;

– Alt er normalt ...

Om noko skjer under ein fødsel, og du ikkje er førebudd, kan du fort bli veldig redd.

– For «trygghet fremmer en god fødsel, men det som skremmer hemmer».

Difor laga Eva Rose og journalistvenninna Trine Dahlman boka «Fødsel». Den er spekka med Eva Rose sine bilde, men også fødselshistorier frå verkelegheita og intervju med ekspertar innan fødselsomsorg.

I fjor kom boka ut. Etterspurnaden var så stor at forlaget måtte trykkje fleire eksemplar omtrent før boka kom i butikkhyllene.

(Saka held fram etter videoen)

Gav vekk bilde

Det er måndag. Eva Rose sin kjæraste og reisepartnar, Ole Jakob, ventar i Fødebilen utanfor Herøy helsestasjon sitt hovudkontor på Eggesbønes. Inne står Eva Rose mellom tre smilande helsesystrer og ei jordmor. Dei har fått gåver; nokre til kontoret på Eggesbønes og nokre til det i Myrvåg.

– Desse bilda vart vi veldig glade for. Vi hadde aldri hatt råd til å kjøpe tilsvarande, seier jordmor Elise Mikalsen Vågsholm.

– Dei har ekte innhald, som viser livets under, seier leiande helsesyster Elisabeth Slettestøl fornøgd.

Dei to kontora ved Helsestasjonen i Herøy er ikkje dei einaste som har fått bilde av Eva Rose – ho gir dei vekk over heile landet – men:

– Her har dei ikkje bedt om det. Men eg kan ikkje ikkje gi til Fosnavåg. Tanteungane mine kjem no til å sitje her, smiler Eva Rose.

I dag går turen vidare til Volda, der ho og Dahlman skal halde føredrag for jordmødrer.

– Dei vil vite kva for tilbakemeldingar vi har fått om kva som manglar i norsk fødselsomsorg.