No er det juli-avgangane som går fløyten for dei to siste av serien på fire kystruteskip.

– Selskapet gjer framsteg med finansieringa, men vil ikkje no dei fastsette fristane som er vedtekne av engelsk rett for oppgjer av terminbeløpa til den opphavlege finansieringspartnaren. Derfor har selskapet søkt den engelske retten om ei ytterlegare forlenging av oppgjersfristen, heiter det i ei børsmelding frå herøyselskapet.

Dermed må Havila Kystruren finne nye oppstartsdatoar for Havila Polaris og Havila Pollux. Som ein konsekvens må avgangane den 15. juli for Havila Polaris og 21. juli for Havila Pollux kansellerast.

– Selskapet beklagar sterkt konsekvensane for alle som blir ramma av forseinkingane, varslar Havila Kystruten.