Mange sperra opp augo då dei fekk høyre at rådhuset i Sande måtte stenge dørene etter truslar mot offentleg tilsette.

Dette føyer seg dessverre inn i rekkje av ein tilsynelatande aukande tendens der folk som utfører jobben sin, vert utsette for truslar som er så alvorlege at det der grunn til å frykte for liv og helse i enkelte situasjonar. På riksplan har det det også vore svært alvorlege angrep på offentleg tilsette, dessverre også med fatal utgang.

Situasjonen i Sande er ikkje unik, sjølv om det ikkje er noko trøyst. Men det stadfestar bildet av at der finst enkelte menneske som - av ulike grunnar - går til det steget å truge andre som utfører ein jobb eller ei teneste. Mellom anna var det ein liknande situasjon i Vanylven for nokre år tilbake.

Det er heller ikkje vanskeleg å trekkje parallellar til det som skjedde rundt Herøy sin kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen under koronapandemien. Då han oppmoda helsepersonell om å vaksinere seg mot Covid-19, førte det til at Aglen mottok noko som ikkje kan tolkast annleis enn ein direkte drapstrussel.

Frå vår ståstad er det vanskeleg å kjenne detaljane, men det var skuffande å registrere at politiet etter kvart la vekk saka. Med litt meir engasjement og ressursar lagt inn i den saka burde det ha vore mogleg å identifisere vedkomande og gi personen eigna straff.

I ei tid der samfunnet krev stadig meir ressursar til tenester inn mot rus og psykiatri, kjem det med dette som bakteppe heller ikkje overraskande at talet på truslar aukar på. Dette på generelt grunnlag. Det fører i neste omgang til at meir ressursar frå politi og ordensmakt må og skal nyttast inn mot dei same tenesteområda.

Anten ein er offentleg tilsett eller ikkje, må ein uansett vere trygg på at slike episodar vert teke på høgste alvor og der ein veit at storsamfunnet etterforskar og reagerer.