Det har vore mange flaggheisingar i samband med Stad skipstunnel opp gjennom åra, men også mange nedturar. Vi har mista talet på kor mange utgreiingar og sonderingar som har vore rundt Stad skipstunnel. Men det er svært mange. Startløyvinga til prosjektet ligg inne for 2023, og det er ein stor siger for Stad skipstunnel. Alternativet hadde nemleg vore at Stortinget vender tommelen ned til tunnelen og då ville det ha sett «spøkje» ut for heile prosjektet. Men Ap og Sp fekk SV på andre tankar då partane forhandla om statsbudsjettet.

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) er ute med ei aldri så lita åtvaring om skipstunnelen: – Det er likevel livsfarleg å tru at prosjektet no er i mål – kampen er ikkje over! Det er først inn mot statsbudsjettet i 2024 det verkeleg store slaget vil stå, varslar den tidlegare Eid- og Stad-ordføraren.

Basert på tidlegare historikk i denne saka må ein berre vere samd. Her må kampen halde fram, det trengst meir lobbyisme og knallhardt arbeid til før ein kan juble for alvor.

Regjeringa sitt samarbeidsparti SV sat på mange måtar med nøkkelen til korleis det endelege budsjettet skulle sjå ut. Det kan sikkert verke litt merkeleg på folk flest, men slik er det. Den som samlar fleirtal, vinn. Og SV skulle syne seg å bli tunga på vektskåla for Runde Miljøsenter sin vidare lagnad. Overraskande nok ville Ap og Sp først stryke statsstøtta til miljøsenteret. Men SV, fronta i denne saka av Birgit Oline Kjerstad, sytte for at miljøsenteret var inne i varmen igjen.

No gjeld det å få på plass ei langsiktig statleg finansiering av Runde Miljøsenter. Det gagnar verken senteret eller det dei står for, som også er heilt i tråd med prioriterte nasjonale føringar, å måtte leve nærast år for år.

Så får tida vise korleis den nye grunnrenteskatten slår ut, ikkje minst for oppdrettsnæringa. Vi fryktar ringverknadene vert store, men tida vil vise.