Nyleg skreiv vi om ein Tussa-kunde som var forarga over at abonnementet var utvida, både kapasitets- og prismessig, utan at han kunne gjere noko med det.
– Har Tussa lov til dette?
No syner det seg at Telenor gjer noko liknande. Frå 1. juli må kundane betale 40 kroner meir i månaden for breiband.
– Som plaster på såret set Telenor opp farta på nokre av breibandabonnementa. Prosentvis vil dei som har dei lågaste hastigheitene få mest, heiter det på nettstaden tek.no.
Telenor sitt 50/50-abonnement vert skrudd opp til 75/75. Bakgrunnen med oppjusteringa vert forklart med «det sugande behovet for god kapasitet på heimenettet», med andre ord det kundane spør etter av fart.