– Den nye kontrakten betyr at vi kjem til å få fullt opp å gjere heilt fram til sommarferien neste år, seier dagleg leiar Jarle Gunnarstein.

Systerskip til Ro Vision

Gunnarstein fortel at den nykontraherte brønnbåten blir systerskip til batterihybriden Ro Vision som er under bygging. Båten blir 84 meter lang og 15,5 meter brei og får ein kapasitet på 3.900 kubikkmeter.

Som dei andre nye brønnbåtane til Rostein skal også skroget til denne byggast ved Marine Project i Gdansk.

Gunnarstein fortel at skroget skal vere kome til Larsnes i slutten av januar og ferdigstillast for levering til sommarferien neste år.

Fullt køyr

Dermed kan dei tilsette ved Larsnes Mek sjå fram ein lang og hektisk periode etter at arbeidet startar opp igjen etter fellesferien.

Alt no i slutten av august skal den store og moderne pelagiske trålaren Zephyr leverast til Zephyr Fishing Company på Shetland. Dåpen av den 75 meter lange trålaren skal finne stad 24. august.

Deretter vil aktiviteten ved verftet dreie seg om å fullføre dei to store brønnbåtane til verftet sin majoritetseigar Rostein.

Ro Vision skal sjøsettast i Gdansk rundt 10. august og skal leverast frå Larsnes-verftet i løpet av januar månad. Samtidig kjem altså skroget til systerskipet som skal gjerast ferdig til ferien.

140-160 i aktivitet

– Ja, her blir det fullt køyr dei neste tolv månadene, seier Gunnarstein.

Gunnarstein opplyser at i denne perioden vil verftet ha mellom 140 og 160 personar i aktivitet. Då reknar han også med underleverandørar i tillegg til eigne tilsette.