– Eg er på feriebesøk her nokre dagar no, og skal snart reise igjen. Det hadde vore heilt topp om nokon kunne hjelpe meg, seier Bøe.

Han meiner telefonen kan ha blitt mista i området frå Sparebanken Møre og nedover Vågsgata mot sentrum av Fosnavåg tysdag.

– Det er ein blå Honor View med plastdeksel. Om nokon har plukka han opp eller funne han, hadde det vore stas om vedkomande kunne ta kontakt, seier Bøe.

Vestlandsnytt kan vidareformidle kontakt til Tom og familie om nokon veit noko som kan leie til ei oppklaring.