Knut klarte ikkje heilt å gje slepp på fotballen, for det «låg i blodet»
Frå slutten av 1960-åra og fram til midten av 1980-åra tenkte mange på fotball når kraftblokksnurparen Teigenes vart nemnd. Dette kom av at Knut Teige var om bord. I fotballsesongen var Bergsøy-supporterane svært opptekne av om Teigenes hadde fått full last og rakk å kome til land for å levere, før neste Bergsøy-kamp. Klaffa det, var Knut på plass når dommaren sette kampen i gang. Han viste tidleg at han var eit sjeldan idrettstalent, og at han hadde både evne og vilje til systematisk trening.
Harald Thorseth
Alltid full innsats: Knut Teige (i mørk drakt). Biletet er frå kampen mellom Bergsøy og kristiandsundslaget Clausenengen på Bergsøy stadion hausten 1975. Bergsøy spelte då i det som i dag er 2.-divisjon. Tilskodartalet var godt og vel 1600. Dette vart ein spesiell sesong for Bergsøy. Ved sesongslutt toppa Bergsøy og Clausenengen tabellen med same poengsum, men nordmørslaget hadde eitt plussmål meir enn Bergsøy og fekk dermed spele kvalifiseringskamp om opprykk.