– Etableringa av den digitale matbasaren vår vil gjere det enkelt for folk å kjøpe matvarer direkte frå leveandøren.

Det seier Børre Waagan i ei pressemelding. Han er ein av gründerane bak Bazeat gjennom selskapet Creeact As.

Creeact As er eit teknologiselskap som ved hjelp av intelligente løysingar og datafangst har skapt ein framtidsretta omsetningskanal der kunden og leverandøren saman tek styringa.

Saman med to medgründerar har Waagan brukt år på å utvikle den digitale matomsetningsplattforma som no er klar for lansering.

– Bazeat er svaret på kundane sitt ynskje om eit større matmangfald, og meir informasjon om kvar og korleis maten vert produsert. Bazeat gjer at folk blir kjende med den som produserer maten, og det er viktig for forbrukaren si tryggheit, understrekar Waagan.

Lansering i Fosnavåg

Lanseringa skjer fyrstkomande måndag i Fosnavåg. Der vil nokre av leverandørane, som er med frå starten av, vere til stades. Mellom dei er Lisa Mari Brevik Andersen, som driv framiliebedrifta Gode Greier frå heimegarden på Dimna.

Frå hausten 2017 har Gode Greier vore fulltidsjobb for Lisa Mari. No ønskjer ho Bazeat velkomen slik at dei kan nå nye kundar i ein større marknad.

– Direktesal av mat frå leverandør til kunde gir høgare verdiskaping og meir sysselsetting samanlikna med matvarehandelen vi har i dag. Ei meir lønsam og berekraftig matomsetning kan bidra til mange nye arbeidsplassar, fortel Waagan.

Meir innovasjon, sunnare konkurranse og rettare prisar er stikkord for Bazeat-ideen.

Eit år på norsk mat

Med på lanseringa blir òg Lene Havåg frå Leikong. Lene og familien hennar levde på norsk mat i eit år frå november 2016.

«Politikarar kan legge til rette for norsk matproduksjon og landbruk. Vala vi tek i kvardagen betyr noko for andre sitt levebrød, og med å ete norske produkt er vi med å gi ei stemme til norsk matproduksjon», skriv Lene på matbloggen sin www.norgesmatfat.no.

Til opninga kjem også ordførar Arnulf Goksøyr, regionbanksjef Camilla Hoddevik i DNB, Johan Barstad, som er forskar ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling, samt leiar av Sunnmøre Kulturnæringshage, Martin Foldal.