Ei arbeidsgruppe jobba i store delar av 2017 med spørsmålet om skulestruktur. Arbeidet munna ut i at det sist haust vart lagt fram ein rapport.

Gruppa si tilråding om å samle alle skulane til èin, felles 1-10-skule på Larsnes, er no lagt vekk.

I staden jobbar ein med tre modellar:

Modell B omfattar ein felles 1-10-skule i Gursken for Gursken og Gjerdsvika, inkludert 8-10-skule for Larsnes. I denne modellen vert det samanslåing av skulane på Kvamsøya og Sandsøya.

Modell C fører til at alle skulane (1-10) vert samla i Gursken, sett vekk frå 1-7 på Larsnes som framleis skal vere i Larsnes skule.

Det kan også kome til andre modellar og måtar å organisere seg på i høyringa. Høyringsfristen er sett til 6. april.