Her får stortingspolitikarane sjå korleis sil gøymar seg i sanden - marinbiolog Christoph Noever frå Runde Miljøsenter underviser. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Energi- og miljøkomiteen besøkte Runde Miljøsenter: – Må satse på kunnskap

Tysdag var nesten heile energi- og miljøkomiteen frå Stortinget på plass på Runde Miljøsenter. Her fekk dei mellom anna lære om forsking- og formidlingsarbeidet til senteret, møte naturbrukselevar frå Herøy vidaregåande skule og ei innføring i marine grunnkart.