Dette opplyser Herøy kommune tysdag 30. januar klokka 21.45.

Fylkeskommunen opplyser at skulebussane går som vanleg onsdag morgon. Men på grunn av det varsla ekstremveret går skulebussane heim allereie 12.00. Skulane i Herøy stenger altså klokka 12.00.

– Dette er eit føre var-tiltak for å sikre at alle elevar og tilsette kjem seg trygt heim i tide før orkanen treff for fullt, opplyser kommunen.

Meteorologisk institutt varslar ekstremt kraftige vindkast og orkan frå onsdag ettermiddag til torsdag morgon.

Kriseleiinga har hatt møte

Kriseleiinga i Herøy kommune har hatt møte tysdag. Dette er status tysdag kveld:

  • Kommunen stenger skulane klokka 12.00, då går skulebussane.

  • Kommunen ber føresette hente barn som ikkje nyttar skuleskyss, når skulen er slutt klokka 12.00

  • Kommunen ber føresette hente barnehagebarn heim seinast klokka 12.00

  • Kommunen held SFO stengt

  • Kommunen held kulturskulen stengt

  • Kommunen stenger Herøy kulturhus for all aktivitet frå klokka 12.00

Føresette blir informert direkte. 

I løpet av onsdag 31. januar vil kriseleiinga ta stilling til om skule, barnehage og SFO skal halde ope torsdag 1. februar.

Om andre tenester 

Tenestene førebur seg på ekstremveret og planlegg tiltak som kan bli sette i verk dersom bruene skulle bli stengde.