Av dei ti lokale laga forsvann åtte i løpet av den fyrste kampen då finalespelet starta onsdag. Berre Bergsøy gutar 14 og Gjerdsvika/Gursken sine jenter 13/14 vann sine fyrste finalespelkampar og får minst ein kamp til i verdas største fotballturnering for jenter og gutar.
For dei fire andre Bergsøy-laga og gutelaget til Gursken/Gjerdsvika er eventyret over for denne gongen. Det same er tilfellet med jentene frå Larsnes og dei to laga frå «Indre Herøy»-laget samansett av spelarar frå Tjørvåg, Moltu og Gurskøy.
Eitt lag vidare i A-sluttspelet
Av dei tre laga som gjekk til A-sluttspelet var det berre Bergsøy 14 som greidde å ta seg vidare frå den fyrste finalespelrunden. Bergsøy 16 rauk ut mot Raufoss i 32-delsfinalen, og for Tjørvåg jenter 13 blei jamaldringane frå Seljord for sterke og vann 5-4 over herøyjentene.
Bergsøy 14 tok derimot ein knepen siger 1-0 over Bremnes. Dette eine målet gav gutane billett til 16-dels kamp. Der er Lambertseter motstandar i ein kamp som startar klokka 13.30 torsdag.
Også Gjerdsvika ute
Også jentelaget til Gjerdsvika/Gursken tok seg vidare etter 7-3 over Øyer-Tretten i fyrste kamp i B-sluttspelet for 7’arlag. Men etter kvartfinalekampen torsdag føremiddag var det over og ut også for Gjerdsvika-jentene som tapte 1-0 for Kvass Ulvungen.
Dei åtte lokale laga som var ute allereie onsdag gjekk ut etter desse resultata i fyrste sluttspelkampen:
B-sluttspelet
Bergsøy G 18/19 – Nordre Land 0-2
Bergsøy G 15/16 – Høybråten og Stovner 1-3
Bergsøy G13 – Follese 2-8
Tjørvåg G15/16 – Sveio 2-3
Gursken G13/14 – Nordby 4-8
Larsnes J15/16 – AVJU Karasjok 1-2
A-sluttspelet
Bergsøy G16 – Raufoss 1-2
Tjørvåg J13 – Seljord 4-5
Vel 1700 lag frå 457 norske og nokre utanlandske klubbar har delteke i årets Norway Cup.