– Vi har også i dag motteke fleire henvendelsar frå personar som opplyser at dei er blitt oppringde frå nokon som utgir seg for å vere frå politiet, skriv politiet i ei pressemelding søndag.

Det vert opplyst at folk som blir oppringde, vert bedne om å gje frå seg informasjon knytt mellom anna til bankkonto, saldo, bank-ID og personnummer.

– Dette er forsøk på bedrageri, åtvarar det ekte politiet om.