Som lokalavis er vi sjølvsagt lokalpatriotar. I den nye spalta kjem vi kvar veke til å presentere ein ny butikk eller ei forretning. Gjennom dette kan lesarane nært og meir perifert få betre kjennskap til butikkane i Herøy og Sande.

Vi kjem til å presentere butikkar og forretningar generelt, utanom daglegvarebutikkar. Så her vil det forhåpentlegvis dukke opp mykje spennande i tida som kjem. Kanskje vil det også vere lesarar som får ei a-ha-oppleving når dei les spalta.

Kva type varer satsar dei på? Korleis er historikken til butikken? Kven jobbar der? Korleis ser dei på stoda i dag, og framover? Det er aktuelle spørsmål vi håpar å få svar på når vi no set i gang denne rundturen i vårt primære dekkingsområde.