Fredag 28. juli varsla meteorologane temperaturrekordar fleire stadar i landet, og kallar dagen for «den varmaste dagen i året».

Vestlandsnytt tok turen til Rundesanden for å høyre kva dei tilreisande hadde å seie om varmen. Nokre låg å kosa seg i sola, andre hadde tatt sine modige steg ut i vatnet.

Skal sove ute i natt

Ingvild Berge frå Bergen og Line Konningen, Thelma (12) og tvillingane Tiril og Tilje (7) frå Nerlandsøy hadde akkurat parkert bilen i det vi møtte på dei. Resten av familien var på veg til Runde med båt.

- Eg åt frukost i 09-09.30-tida i dag tidleg, og allereie då var det 23 grader ute, fortel Line.

- Det er veldig varmt, legg Ingvild til.

Thelma, Tiril og Tilje er heilt einige.

Line nemner at det er meldt over 20 grader i heile natt.

- Jentene har til og med planar om å sove ute i natt, på trampoline.

- Det er heilt fantastisk!

Arild Remøy og Anne Karin Mathisen, som bur litt sør for Egersund, har også tatt turen til Rundesanden. Dei sit i godstolane og nyt sola.

- Vêret er heilt fantastisk, i alle fall for Sunnmøre å vere. Dette var bra, seier Arild og smiler.

- Ja, varmt er det! Eg såg på gradestokken tidlegare i dag, og den viste 25 grader. Det er sikkert litt varmare no, legg Anne Karin til.

Dei har reist til Herøy for å nyte ferien, og for å besøke familien sin.

- Men borna og barnebarna reiste her i frå før finevêret kom, fortel dei lattermildt.

- 32, 31 eller 33 grader

Eit lite stykke lenger vekke på Rundesanden, sit ei storfamilie og ser på borna som leikar seg i sanden. Arin (6), som snart skal flytte til Vågsholmen, og Oliver (7) frå Remøya, har laga sandslott.

- Vi har bygd nesten alt sjølv, og så har vi fått litt hjelp av nokre andre også, fortel Arin.

Gutane fortel at dei har bada, og at det faktisk er litt varm i vatnet.

- Vi har til og med løfta steinar, og vi har også vore nede i ei elv som det ikkje var så mykje vatn i, seier Arin medan han traskar rundt i sanden.

- Der var nokre steinar som vi ikkje fekk til å løfte, då. Men vi fann ein stein som vi kunne hoppe i vatnet frå. Den kallar vi for «10-meteren», seier Oliver og smiler breidt.

På spørsmål om kor varmt dei trur det er i dag, måtte dei tenkje seg litt om.

- 31! Skyt Arin ut.

- Eller så er det 32! Eller 31. Eller 33. Det er i alle fall like varmt som i Syden, meiner Oliver.