Nyheita om at brønnbåtreiaren no varslar ei større satsing i bygda der Sølvtrans har sitt utspring, vart sleppt under eit folkemøte på Sandsøya tysdag kveld.

Spontan applaus

Kunngjeringa frå Halsebakk vart etterfulgt av spontan applaus frå ein fullsett sal på Dollstun. Nyheita kom på tampen av eit folkemøte der temaet var «Sandsøy og Voksa i utvikling».

Det elles vidtfemnande prosjektet kunne knappast ha fått ein betre start enn med ei slik nyheit.

Halsebakk fekk ordet på tampen av samlinga, der han og Gunnhild Bringsvor frå Rosenlund steig fram og presenterte eigedomsovertakinga.

- Når Gunnhild og Helge Johnny (Voksøy, red. mrk.) no sel Rosenlund til meg, passar det samstundes fint inn i nysatsinga vår innan cruisemarknaden, opplyste Halsebakk.

Han har saman med partnarar investert i den eldre passasjerbåten Bruvik til sitt nye satsingsområde, og i tillegg er det kjøpt inn ein katamaran.

- Eg er herifrå. Det er rart med det, sa Halsebakk til forsamlinga.

Overfor Vestlandsnytt seier Roger Halsebakk at det både er lokalpatriotisme og ei satsing med hjartet som gjer at han no går gå igang med ei større reiselivssatsing på Sandshamn.

- Men det er ikkje berre patriotisme. Eg ser at staden har svært store moglegheiter, seier Halsebakk.

Sommaren 2019 kjem for tidleg til at det denne sesongen kan verte store endringar på Rosenlund, der det har vore lite drift siste par åra. Håpet er likevel at ein kan få opna Rosenlund til den populære Arthurspel-helga (andre helga i august).

Men:

- Det er klart at vi kjem til å oppgradere Rosenlund. Noko av bygningsmassen har historisk verdi og vil bli pussa opp. Samstundes omfattar våre planar også ny bygningsmasse, ikkje minst når det gjeld overnatting, opplyser Halsebakk.

Han lovprisar elles nysatsinga som «Sandsøy og Voksa i utvikling» no har sett i gang, der ein søkjer å skaffe seg vekst både innan reiseliv, kultur, næring og innbyggjartal.

- Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi i samarbeid med arkitektar har fått på plass eit forprosjekt. Det vil vi presentere på eit eige folkemøte, seier Halsebakk. Gjennom selskapet Ronja Kapital vil hans dotter Anja Halsebakk vere prosjektleiar for nysatsinga.

- Svært viktig for øya

Nyheita vart altså svært godt motteken på Dollstun. Ein av dei som gler seg mest på vegner av bygda, er Tore Aarflot. Han vart første gong kjend med øya som båtturist nettopp til Rosenlund, og bygde seg seinare hytte på øya.

Voldingen har saman med Frode Sætre skrive fleire «reisebøker» om øyane på Ytre Søre.

- Rosenlund er for meg og mange andre Sandsøya sin identitet. Det var i mange år ein felles tilhaldsstad for fastbuande, båtfolk og andre tilreisande, og svært viktig for øya. Slik eg no les situasjonen, skal alt ligge til rette for at denne identiteten vert forsterka, seier ein oppglødd og glad Tore Aarflot.

Det har vore laber aktivitet på Rosenlund dei seinare åra. No har Roger Halsebakk gjort avtale med Helge Johnny Voksøy om overtaking av eigedomen inst på Sandshamna. Foto: Endre Vorren