– Båtvask har blitt eit fast dugnadsprosjekt for oss. Det er også viktig for økonomien i klubben, og samstundes trur eg også mange set pris på det sosiale i det, seier leiar Thomas Oksavik i Larsnes IL si fotballgruppe.

Tradisjonen med båtvask som inntektsbringande inntektskjelde for lag og foreiningar finn vi fleire stadar på Sunnmøre. I vårt område er fenomenet gjeldande særskilt i skipsbyggingskommunane Ulstein og Sande. Her finn vi fire litt større skipsverft som med ujamne mellomrom leverer nybygg.

På oppløpssida av byggjeprosessen dukkar «vaskelaga» opp og syter for at båtane er golljande reine innvendig.

Båtar på løpande band

– Det er eit fint samarbeid, og eg veit som fotballmann at det trengst pengar til den løpande drifta av laga.

Det seier dagleg leiar Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. Verksted. Når multifiskebåten «Nordhavet» no vert levert til reiarlaget Nordhavet frå Ibestad i Troms, vert det den femte båten Larsnes Mek. Verksted leverer dei siste 14 månadene.

«Nordhavet» på vel 43 meters lengde den tredje i ein relativt lik serie båtar som er bygde med design frå Naval Consult i Måløy. Dei to andre, «Sander André» og «Gunnar K.», er litt kortare enn denne siste skuta.

Larsnes Mek. Verksted har produsert fiske- og brønnbåtar på løpande band i mange år.

– Til helga blir Zephyr sjøsett i Gdansk. Han skal leverast før sommarferien, så då vert det meir behov for dugnadsgjengen, seier Gunnarstein.

Zephyr skal leverast til Zephyr Fishing, Lerwick, Shetland, og er ein vel 75 meter lang pelagisk trålar med design frå Skipsteknisk.

Over nyttår neste år kjem det endå eit nybygg. Då skal Larsnes levere siste nyvinningen til brønnbåtselskapet Rostein As.

– Gjer tilbodet mogleg

Leiaren av fotballgruppa til Larsnes IL er tydeleg på at dugnadane, som gir kroner til klubbkassa, er viktig:

– Utan høvet til å vere med på desse vaskeoppdraga er det ikkje sikkert vi kunne ha gitt eit såpass omfattande tilbod på fotballsida som vi faktisk gjer i dag, og samtdunes til ein rimeleg kostnad for utøvarane, seier Thomas Oksavik.

Han skryt av foreldra og dei andre som stiller opp. God oppslutnad gjer at oppdraga går raskt og effektivt.