Frå mine barneår hugsar eg at vi gutungane syntest det var både kjekt og interessant når «Pit» prata om fotball. Han var så engasjert at det smitta lett over på oss. Det var vanleg at fotballkampane i Huldalen var søndagskampar. «Pit» var alltid på plass i Pettervågen søndags føremiddag. Mange, både unge og gamle, møtte då opp for å høyre kva denne «fotballprofeten» hadde å seie om kampen som skulle spelast seinare på dag.

«Pit» var sterkt medverkande til at mange av oss vart interesserte i fotball og etter kvart vart ein del av idrettsmiljøet på Bergsøya. Vi syntest han var raus fordi vi fekk lov til å spele fotball på ei av markene hans – vår barndoms grasbane. Men vi måtte vente til slåtten var over og høyet hadde kome i hus. Han var den fyrste i Skarabakken som skaffa seg fjernsynsapparat. Alle var velkomne når det vart vist fotballkampar på skjermen. Det var då alltid fullt hus og god stemning. Dette var vår fyrste «nærkontakt» med kjende internasjonale lag og stjerner.

Det var i Huldalen «Pit» treivst og høyrde heime. Han var der ikkje berre som engasjert tribuneslitar og supporter. Han tok også på seg mange oppgåver og gjeremål. «Pit» hadde mellom anna ansvaret for oppmerkinga av bana. Det vart gjort nokre timar før avspark. Han var ei tid også med i UK, som alltid bestod av tre karar. Det var dei som tok ut laget til kvar kamp. Derfor måtte dei vere til stades på alle treningane. Minst éin av dei måtte vere med på bortekampane.

Dagen før kampen skulle spelast, kom det oppslag ved butikken til N.H. Lied. Folk fekk då vite kven som skulle spele. Mange syntest det var spennande å sjå lagoppstillinga, og det vart gjerne ein frisk diskusjon om laguttaket. Midt i flokken stod «Pit» og synsa og gestikulerte. Då var det sydlandsk stemning på Liedhjørnet – særleg når han var ueinig i laguttaket.

Våren 1962 tapte Bergsøy kamp etter kamp – sjølv om «Pit» var UK-sjef. Det vart 0–6 mot Spjelkavik, 0–9 mot Sykkylven og 1–9 mot VRF. Då sende dei to Bergsøy-spelarane Johs. Wike og Sverre Botn, som no hadde flytta til Oslo, telegram til sin gode ven: «Pit, du Pit, det går skit, tett igjen målet med huntonit». «Pit» var sporty nok til å la telegrammet verte publisert i Vestlandsnytt samtidig som han lét seg intervjue om bakgrunnen. Det høyrer også med til historia at Bergsøy rykte ned etter ein elendig sesong med heile 16 tap på 22 kampar.

«Pit» fekk prøve seg som linjemann og dommar i Huldalen. Men det vart, mildt sagt, ingen suksess «Pit» var for mykje Bergsøy-patriot. Det var aldri 50/50-dømming når det var han som hadde dommarfløyta eller linjeflagget. Men det var i Huldalen at «Pit» hadde si glanstid og var mest synleg. Etter at Bergsøy tok til å spele heimekampane sine på Bergsøy stadion i august 1972, vart han meir «anonym». Ein av grunnane var kanskje at avstanden mellom publikum og spelarar var større her enn i Huldalen

Idrettsbana i Huldalen var noko meir enn berre ein plass der det vart drive idrett. Bana var også ein uformell møteplass for idrettsinteresserte i alle aldrar. Vi gutungane vart tidleg nysgjerrige på det som gjekk føre seg der. På treningane til A-laget trong dei ballgutar, og det syntest vi var kjekt å få vere.

I den tida gjekk treningane føre seg på den måten at spelarane samla seg på 16-meteren og skaut mot målmannen. Etter ein liten halvtime delte dei seg inn i to lag og spelte mot kvarandre resten av treninga. Mangla dei spelarar eller nokon vart skadd, hende det at vi gutungane fekk kome inn på bana og spele saman med A-lagskarane. Det gav meirsmak. Litt etter litt vart vi på ein måte ein del av laget. Det var iallfall slik mange av oss opplevde det.

Før seriekampane fekk vi hjelpe «Pit» med å merke opp bana. Han trilla ei lita, grøn vogn som vi kalla merkevogna. I vogna var det sagmask og eit lite hol i botnen. Vogna vart trilla langs merkelinjene medan sagmask la seg mjukt på grusen. Her var det om å gjere å vere nøyaktig, slik at domaren kunne godkjenne bana.

Vi lærte tidleg at vi aldri måtte diskutere fotball med «Pit» medan vi heldt på med dette arbeidet. Han levde seg slik inn i diskusjonane at han lett gløymde både merkelinjer, kvar han var og kva han heldt på med. Då kunne det lett ende opp med at det meste gjekk på kryss og tvers. Dei gongane vi gløymde oss og byrja å diskutere med han, hende det at mykje av bana måtte oppmerkast på nytt.

I år er det 75 år sidan Bergsøy idrettslag vart skipa. «Pit» er ein av mange som i den samanhengen er verd å minnast.