Det er da­gen før da­gen då Ha­vi­la Kystruten skal bli pre­sen­tert for mel­lom 500 og 550 men­nes­ke un­der op­nings­fes­ten på NTW (Nor­we­gi­an Tra­vel Work­shop) i Åle­sund. Ein hand­full gode kun­dar sit tett i tett i eit lite kon­fe­ran­se­rom­met i Ha­vi­la-byg­get på Mjøl­sta­ne­set. Ein del av dei er har­de kon­kur­ren­tar. Alle har in­te­res­se av Ha­vi­la Kystruten.

Njål Sæ­vik er i full sving med å pre­sen­te­re fa­mi­lie­sel­ska­pet si his­to­rie, medan bil­de av fa­mi­lie­med­le­mer og bå­tar duk­kar opp på ler­re­tet ved sida av han. Snart kjem flei­re sent­ra­le per­so­nar fram for å snak­ke om kva vi kan ven­te oss av den split­ter nye kyst­crui­se-spe­si­a­lis­ten.

– Ver­das mest mil­jø­venn­le­ge skip

– Vårt opp­drag er å til­by tryg­ge, be­re­kraf­ti­ge og even­tyr­le­ge reiser. Vi star­tar med å seg­le frå Bergen til Kir­ke­nes frå ja­nu­ar 2021. Det vert 34 stopp nord­over og 33 stopp sør­over. Vi har ein 10 års­kont­rakt med den nors­ke stat, for­kla­rer ad­mi­nist­re­ran­de di­rek­tør Arild Myr­voll på en­gelsk til det lyd­høy­re pub­li­kum­met.

I slut­ten av år 2020, skal Ha­vi­la Kystruten få le­vert fire flun­kan­de nye crui­se­skip frå to verft i hø­ves­vis Spa­nia og Tyr­kia. Ski­pa er 124,1 me­ter lan­ge, har kupe­ar til hei­le 468 over­nat­tan­de pas­sa­sje­rar og fa­si­li­te­tar for 172 dag­pas­sa­sje­rar. Der vil også vere plass til bi­lar. Far­tø­ya kjem til å ha ein «ser­vi­ce­ha­stig­heit» på 14–15 knop og makshastigheit på 18,2 knop, in­for­me­rer tek­nisk di­rek­tør Kjell Rab­ben.

Ik­kje minst vert bå­ta­ne dei mest mil­jø­venn­le­ge far­tø­ya som no­kon gong har vore bygd, lo­var han.

– Dei går på LNG (na­tur­gass), som gir ein re­duk­sjon på rundt 25 % i CO₂-ut­slepp. I til­legg har vi det stør­ste bat­te­ri­sys­te­met som finst og kan køy­re fire ti­mar på berre bat­te­ri­drift. No gjer vi det vi kan for å få folk til å set­je opp la­de­sta­sjo­nar rundt om­kring på dei des­ti­na­sjo­na­ne vi kjem til langs kys­ten, sei­er Rab­ben.

Fa­si­li­te­tar

Et­ter å ha blitt pre­sen­tert for dei tek­nis­ke spe­si­fi­ka­sjo­na­ne, får gjes­ta­ne ein gjen­nom­gang av kva for fa­si­li­te­tar ski­pa skal ha. Truls Are Hoff har an­svar for alt som har å gje­re med ho­tell­drift, ut­vik­ling av uli­ke kon­sept, mat, ut­fluk­ter og alle ak­ti­vi­te­tar om bord. Det er ik­kje uten­ke­leg at pub­li­kum – som først og fremst skal sel­je gode rei­se­opp­le­vin­gar – spis­sar øyra litt ekst­ra når han snak­kar.

– Vi har lu­ga­rar i man­ge uli­ke stor­lei­kar, der den mins­te er på 16,2 kvad­rat­me­ter og den stør­ste er på 37,4 kvad­rat­me­ter, sei­er han.

Dei mest luk­su­ri­ø­se lu­ga­ra­ne er sto­re og har flot­te bal­kon­gar, medan dei mins­te min­ner meir om fine, men tra­di­sjo­nel­le ho­tell­rom.

Hoff snak­kar mykje om mat:

– Der er stor et­ter­spur­nad et­ter norsk mat. Vi skal bru­ke nors­ke rå­va­rer frå hei­le lan­det. Vi har også til­gang på kva­li­tets­mat som er pro­du­sert i kort av­stand frå ski­pet. Eit godt døme er Moens Mat, som de har fått sma­ke litt på her i dag. Vi skal nyt­te oss av både små og sto­re mat­le­ve­ran­dø­rar. All ma­ten vert laga frå bot­nen av om bord i ski­pet. Kjøk­ke­na vert ut­styr­te med mo­der­ne tek­no­lo­gi, slik at kok­ka­ne spa­rar tid og det vert mind­re mat­svinn, sei­er Hoff, før han legg til at dei også skal syte for skik­ke­le­ge al­ter­na­tiv til ve­ge­ta­ri­a­na­rar og ve­ga­nar.

Ski­pa vil også ha fa­si­li­te­tar som bad­stue, Jacuzzi, tre­nings­fa­si­li­te­tar, flek­si­b­le ser­vi­ce­om­rå­de med mat­ser­ve­ring, roomservice, ete­plas­sar og «no­kre over­ras­kin­gar».

– Ik­kje minst skal du kun­ne nyte na­tu­ren frå alle vink­lar over hei­le bå­ten, sei­er Hoff og vi­ser til det 210 met­ra­ne med dekk og dei man­ge bal­kon­ga­ne som strek­kjer seg rundt hei­le crui­se­ski­pet.

Hamn til hamn-løy­sing?

Til­ba­ke­mel­din­gar frå mark­na­den ty­der på at flei­re ønskjer mog­leg­heit for å be­stil­le så­kal­la hamn til hamn-reiser. Slike reiser er bil­le­ga­re og der­med meir over­kom­me­le­ge for «folk fles».

– For­hå­pent­leg­vis kan litt av ka­pa­si­te­ten vår bli brukt på hamn til hamn-reiser på ut­val­de des­ti­na­sjo­nar. Det er noko vi job­bar med, sei­er sals- og mark­nads­sjef Tor Johan Pedersen.

Om berre 21 må­na­dar kan Ha­vi­la Kystruten øns­ke sine første gjes­tar om bord.

– Det er litt skum­melt. Vi skal ik­kje gløy­me at ho­vud­grun­nen til at folk reiser i Noreg er den fan­tas­tis­ke na­tu­ren, tra­di­sjo­na­ne og fol­ket vi har, av­slut­tar Tor Johan Pedersen.