- Eg fekk inn melding om påkøyrselen og vi fekk avliva kolla. Vegvesenet er kontakta og tek hand om dyret, fortel Sigurd Nygård, viltnemd i Herøy.
Bilisten som køyrde på dyret, har fortalt til Nygård at lys frå motgåande bilistar skapte dårleg sikt. Det var hovudgrunnen til påkøyrselen.
- Bilen er sterkt skada. Kolla hamna opp på panseret, slår han fast.
Det er ikkje fyrste gong hjort bli påkøyrt i dette området.
Jaktar på kalven
Kolla hadde også ein kalv som ikkje vart treft av bilen. Nygard har vore ute og leita etter kalven, men har enno ikkje lukkast med å finne den. Han har bestemt at kalven må avlivast, då den truleg vil få vanskar med å overleve etter kvart som vinteren kjem. Men dette blir ikkje nødvendigvis enkelt.
- Når hjorten held til i bustadområder er det veldig vanskeleg å skyte den. Men eg håpar vi skal få det til, forklarar Nygård.
Pass på
Til slutt oppmodar Nygård om at folk er ekstra forsiktige på vegane. Det er mykje hjort å sjå om dagen, avsluttar han.