Sidan 1979 har Aqua-Nor vore ein viktig internasjonal møtestad for akvakulturnæringa, og er i dag verdas største messe for akvakultur-teknologi. Her blir alle nyheiter som betyr noko for næringa presenterte.

Større enn fiskeri

Dei siste åra har messa samla rundt 20.000 besøkande frå opp til 76 ulike nasjonar. Det betyr at havbruksmessa etter kvart har gått forbi fiskerimessa både når det gjeld besøkstal og i internasjonal utbreiing.

Aqua-Nor avspeglar den enorme veksten som havbruksnæringa har hatt, og som gjer at havbruk for lengst har passert fiskeria i verdiskaping. Verdimessig stod oppdrettsfisk for heile sytti prosent av dei 99 milliardar kronene som Norge eksporterte fisk for i fjor.

Anten det dreiar seg om teknologi, prosessar eller tenester knytta til oppdrett av fisk eller andre marine artar, er havbruksmessa av dei viktigaste arenaene i verda.

Stadig viktigare lokalt

For Møre og Romsdal generelt, og dei store fiskerikommunane spesielt, er nok Nor-Fishing framleis storebroren av dei to messene som blir arrangerte annakvart år.

I alle fall er det framleis fiskerimessa som får den verkeleg store mengda med sunnmøringar til å reise til Trondheim. Men dette har nok mykje med tradisjon å gjere. Havbruk synest heller ikkje å vere viktig nok til at kommunane, som stiller med eigen stand på fiskerimessa, har funne rom for å sende eigne folk på havbruksmessa. Men det kan nok kome.

Frå fiskeri til havbruk

For det sunnmørske næringslivet  har havbruk blitt stadig viktigare som berebjelke, og for mange leverandørar og utstyrsprodusentar har havbruk i dag minst like mykje å bety som fiskeri. Fleire av desse er bedrifter som blei grunnlagt på fiskera, men som i takt med utviklinga har kome stadig meir inn på havbruksmarknaden.

Eit typisk døme på slike bedrifter er Frøystad As. For denne herøybedrifta er Aqua-Nor i dag eit like viktig utstillingsvindauge som Nor-Fishing.

Mykje innovasjon enda

- Havbruk er vel ikkje heilt likestilt med fiskeri for oss enda, men har heilt klart blitt stadig viktigare også for våre bedrift.

Det seier salssjef Hallgeir Frøystadvåg som har samla heile salsteamet sitt i den tidlegare reine fiskevegnbedrifta på Aqua-Nor denne veka.

Frøystadvåg understrekar at trass i enorm utvikling er det framleis rom for mykje innovasjon innafor havbruk.

- Vi ser i alle fall eit stort potensiale og har store forventingar til denne messa, legg Frøystadvåg til.

Av andre «reine» herøybedrifter på Aqua-Nor denne gongen finn vi Astorplast, Davi turbo, Lextor, Volt og Havyard/MMC. Brimer og Plany er Sande sine representantar i messehallen som er ny av året. I tillegg finn vi fleire utstillarar med sterk tilknytting til Herøy og Sande både med lokale avdelingar eller på andre måtar.

Fellesstand for fylket

Dei av dei lokale utstillarane som ikkje har eigen stand er samla under paraplyen til Møre og Romsdal fylkeskommune. På dette samlingspunktet for fylket vårt, som blei opna av fylkesordførar Jon Aasen, får eit tjuetals utstillarar frå fylket sleppe til med presentasjon av sine nyheiter.

Kan havbruk redde verda?

I løpet av messeveka vil det bli halde ei rekkje større og mindre seminar med fokus på problemstillingar og utfordringar som må finnast løysing på om havet skal kunne dekke framtidas aukande matbehov.

Hovudbodskapen til Havforskingsinstituttet er at ein må gå lågare ned i næringskjeda som dyrking av tang og tare, skjel og andre organismer som lever av å filtrere havet.