Eit år etter Havyard MMC og First Process slo seg saman, viser no fusjonen mellom land- og båt-basert fiskehandtering resultat. No har dei nemleg fått sin fyrste ordre på ein prosessfabrikk for ombordproduksjon, heiter det i ei pressemelding.

Det er den nye trålaren til Havfisk AS som skal huse fabrikken. Båten leverast frå Vard vinteren 2020.

– Eit gjennombrot

Administrerande direktør i MMC First Process, Petter Leon Fauske, seier dette er eit segment dei har satsa på og at ordren såleis er eit gjennombrot.

– Dessutan er Havfisk med si store flåte og kompetanse ein strategisk viktig kunde. Derfor er vi veldig fornøgde med ordren, fortel han.

Sidan 90-talet har First Process levert fabrikksystem til landanlegg. På den andre sida har MMC like lang historie når det gjeld handtering av fisk om bord i båt. Med denne kompetansen i botnen er det sett saman eit team som no skal bygge og levere den første prosessfabrikken til ein fiskebåt.

Tek i bruk ny teknologi

Arve Breivik, Area Sales Manager Onboard Production for MMC First Process, fortel dei skal levere alt som trengst i ein såkalla «head and gutted-fabrikk».

– Vi leverer transport, heiser, bingar, pumper, sløyemaskin, alt som skal til for å kappe og sprette fisken. Båten skal også ha industrirekelinje med tilhøyrande utstyr.

Den nye trålaren til Havfisk skal fiske både kvitfisk og reker. Til rekefisket tek dei også i bruk heilt ny teknologi, ei så kalla RID-pumpe. Pumpa brukar prinsippet frå Arkimedes’ skrue og lukka rør slik at rekene blir pumpa gjennom fabrikken på ein meir skånsam og hygienisk måte enn med transportband. RID-pumpa har i testar vist at kvaliteten blir betre og at kapasiteten aukar.

Konsernsjef i Havfisk ASA, Webjørn Barstad, ser fram til samarbeidet og trekk spesielt fram RID-pumpa som eit spanande innovasjonsprosjekt.

– Vi gjekk ut med ein anbodskonkurranse, og MMC First Process leverte det samla sett beste tilbodet. Selskapet og folka kjenner vi frå før, så vi veit at kompetansen er på plass. Utstyret er også stort sett kjent, men det blir spennande å teste ut RID-pumpa som er ny for oss, seier han i pressemeldinga.