Denne veka vart det kjent i media at kommersielle aktørar driv med råkøyring med Rib-båt gjennom fugleflokkar ved Runde. Med andre ord er det ein del av opplevinga at ein fyk av garde i stor fart – med skremde fuglar som vitne og resultat.

Det er å håpe at politiet, som ser ut til å ta saka på alvor, kjem til botnen i kva som har skjedd. Har det skjedd før? Er det ein del av opplevinga at det skal vere «full gass gjennom fugleflokken»? Eller er dette eit trasig eingongstilfelle utført av nokon som kanskje ikkje veit heilt kva reglar som gjeld? Allmenta har krav på å få vite kva som har skjedd.

Fleire har dessverre gjort same observasjonane: Ikkje berre driv kommersielle krefter med tullkøyring til sjøs, men også ein del båtførar som fyk rundt fugleøya på moro. Held denne trenden fram, er vi – som forvaltarar av ei naturperle – i ferd med å øydelegge for fuglane.

Sett på spissen: Fuglen byggjer reir av plastrestar vi har hivd på sjøen. I neste omgang «jaktar» vi på fuglen med båt. Vi dreg det endå litt vidare: Vi menneska reinskar sjøen for tare (her er det verkeleg butikk!), noko som indirekte undergrev livsgrunnlaget for fuglen. Kva vert det neste?