Underteikna var tysdag morgon i Ørsta med ein bil som var inne til ei lita oppgradering. I lokala var det tilgjengeleg PC-bord og kaffi, og ein TV stod på. Så byrja ein direktesend tale av den russiske presidenten Vladimir Putin. Han snakka om «rikets tilstand». Ein mann stilte seg opp og oversette direkte for meg, noko av det diktatoren framførte.

Putin fordømte det meste den vestlege verda står for, og i tydelege ordelag gjentok han det vi har høyrt så ofte det siste året, nemleg at «spesialoperasjonen» var heilt nødvendig.

– Alle som sit i salen og nikkar og klappar er nikkedukker som aldri tør å seie han imot. Oppfatninga mellom folk i gata er at Putin er meir og meir lik Stalin, sa min sidemann, som synte seg å vere frå Tjetjenia.

Det er eitt år sidan Russland gjekk til angrep på Ukraina. Krig er krig, og har ført til mykje død og fortviling. Sjølvsagt har det gått mest utover ukrainarane, der hundretusenvis er drivne på flukt, byar er bomba og mange er døde og såra. Også på russisk side er tapa store. Putin sender med vitande og vilje tusenvis av sine eigne borgarar rett i døden.

Gjennom det siste året har ein jamn straum av ukrainarar på flukt reist til andre delar av Ukraina, men også vidare utover i Europa. Norge har teke i mot ein del av dei. Også vår region har teke imot fleire hundre flyktningar frå landet som vart sett i brann av Putin. Mange har lært seg norsk på rekordtid og er ein del av samfunnet vårt i dag. Lokalt blir det også synt stor omtanke og støtte til det ukrainske folket. Det er bra.

Utfordringane her på berget med stigande renter, aukande prisar og sviktande overføringar frå Staten, bleiknar i høve til krigens lidingar. Eit år etter krigens start er det dessverre lite som tyder på at ein snarleg slutt. Tenn eit lys for det ukrainske folket – og for håpet om fred.