– Ein person er kritisk skadd, opplyste politiet først.

Vegen vil bli stengd i lang tid, signaliserer politiet. Også vegtrafikksentralen melder at E39 er stengd og at ein må forvente kø.

Det er ikkje mogleg med omkøyring på staden. Det vert rapportert om lang kø på begge sider av ulukkesstaden.

I ei oppdatering like før klokka 16 melder politiet at ein person er stadfesta omkomen på staden.

– Vi jobbar med varsling av pårørande før meir informasjon kan bli gitt. Kriminalteknikarane jobbar med sporsikring av åstaden, skriv dei på X.

16.08 melder politiet at vegen vert opna delvis. Ei fil vert opna med manuell dirigering.

Ulukkesstaden er like etter Solevågskrysset, på Ålesund-sida. Av denne grunn er all trafikken mellom Søre Sunnmøre og Ålesund påverka av ulukka.

Som følgje av ulukka vart det like før klokka 17 oppretta eit mellombels ferjesamband mellom Festøya og Magerholm. B- og C-ferja i sambandet Festøya - Solavågen traffikerer her, medan A-ruta i sambandet går som normalt. Dette melde Statens vegvesen.

Det er ikkje opplyst om endringar på ferjesambandet Hareid - Sulesund.

Oppdatering:

Om lag klokka 20:30 onsdag kveld vart vegen opna for normal ferdsel igjen.

Det er opplyst at den omkomne er ei kvinne i 50-åra frå distriktet.