Gamlebrua mellom Hjelmeset og Hjertneset var ein populær plass for ungane i bygda i gamledagar.

Med fiskestong av ei grein frå eit rognetred, sen og krok. Ein kniv og ei fyrstikkøskje, i tilfelle kroken sette seg fast i taren og eg måtte ha ny krok på. Ei gammal boks med makk eg hadde spadd opp i valen til agn, var det eg hadde med.

Eg og andre fiskeglade vener stod på berget under brua og fiska mort. Morten stod i store stimar og berre venta på å hoppe på kroken. Straumen var stride der, ingen av oss hadde redningsvest. Vi passa oss.

Der var så mykje mort, eg tredde dei på ein streng etter kvart som dei låg på berget. Slik ein gjer når ein plukkar blåbær på stråd. Når eg var fornøgd, sykla eg heim.

Stolt og glad var eg då eg overleverte fangsten til mor mi. Ho tok vel imot, ho reinska og kokte. Brødsjeve med påsmurd margarin vart gjort klart meda eg venta på den ferdig kokte morten.

Å, kor godt det smakte. Fersk, nykokt mort på heimebaka brød. Eg huskar endå kor godt det var.

God jul.