I romjula gjekk Suel Kassembo i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje. Han stod i umiddelbar fare for å bli henta av politiet og send ut av landet. Det skjedde etter at Oslo tingrett i desember vedtok utvising av herøyværingen som har skaffa seg nytt liv i Norge. Han rømde frå Burudin etter at far, mor og syster vart drepne.

Igjen ser vi dette litt særmerkte her til lands, at enkelte nærast skal bli forfølgde sjølv etter at dei har gjennomgått dei verste traumer som tenkjast kan.

Kassembo har i dag inga anna tiknyting ti fødelandet sitt enn vonde opplevingar som han til ei viss grad har kunne prøvd å legge bak seg – etter å ha skaffa seg vener, arbeid og ei moglegheit her i Norge.

Vi er mange som tenkjer; kvifor kan ikkje søkkrike Norge ha råd til å ta imot folk som Suel, ønskje han velkomen som nordmann, ja attpåtil ein som bidreg til fellesskapet? Kvifor kan ikkje skjønsmessige vurderingar trumfe paragrafar og kutte ut det som luktar sterkt av prestisje frå styresmaktene si side?

Dette skjer mot ein som har opplevd at dei næraste familiemedlemane er drepne. «Umenneskeleg behandling», er den næraste karakteristikken som dukkar opp hos underteikna.

Rettssaka i Oslo tingrett, eller rettare sagt domen, verkar også litt spesiell. Her gjekk ikkje tingretten inn på noko anna enn UNE sine vurderingar. Nemleg at Suel er ein vaksen mann som kan ta vare på seg sjølv i Burundi, i grove trekk.

Det verkar på omverda som om Suel på død og liv skal straffast fordi han nokre år levde i landet vårt utan opphaldsløyve. Det er også avklara at Suel ikkje laug om fortida si.

Lokalsamfunnet har slått ring om Suel og sikrar han brukbare forhold i kyrkjeasyl. Det vert også sagt at asylanten i Herøy kyrkje er ein slags prøvestein på ein ny og meir offensiv politikk frå regjeringa om at kyrkjeasyl ikkje automatisk gir vern.

Vi trur ikkje politiet hentar han. Håpet må vere at ankesaka opnar for meir skjøn. Og – kvar er justisministeren?